1
4. Mosebok 13:30
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Kaleb roa ned folket framfor Moses. «Kom, så går vi opp og tek landet i eige!» sa han. «Vi kjem heilt sikkert til å sigra over dei!»
Sammenlign
Utforsk 4. Mosebok 13:30
2
4. Mosebok 13:33
Der såg vi kjemper òg – anakittane høyrer til kjempene. I eigne auge var vi som grashopper, og det var vi i deira auge òg.»
Utforsk 4. Mosebok 13:33
3
4. Mosebok 13:31
Men dei mennene som drog opp saman med han, sa: «Vi kan ikkje gå til åtak på dette folket, for dei er sterkare enn vi.»
Utforsk 4. Mosebok 13:31
4
4. Mosebok 13:32
Dei sette ut rykte blant israelittane om landet dei hadde utforska. Dei sa: «Det landet vi drog gjennom og undersøkte, er eit land som et opp dei som bur der. Og alle folka vi såg, var storvaksne menn.
Utforsk 4. Mosebok 13:32
5
4. Mosebok 13:27
Til Moses fortalde dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer verkeleg med mjølk og honning, og dette er frukta som veks der.
Utforsk 4. Mosebok 13:27
6
4. Mosebok 13:28
Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er festningsbyar og svært store. Der såg vi anakittar òg.
Utforsk 4. Mosebok 13:28
7
4. Mosebok 13:29
I Negev bur det amalekittar, i fjellandet bur det hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»
Utforsk 4. Mosebok 13:29
8
4. Mosebok 13:26
Dei kom til Moses og Aron og heile Israels forsamling i Kadesj i Paran-ørkenen. Dei gav rapport til dei og til heile forsamlinga og viste dei frukta dei hadde med frå landet.
Utforsk 4. Mosebok 13:26
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer