1
Markus 4:39-40
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt. Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?»
Sammenlign
Utforsk Markus 4:39-40
2
Markus 4:41
Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»
Utforsk Markus 4:41
3
Markus 4:38
Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?»
Utforsk Markus 4:38
4
Markus 4:24
Og han sa til dei: «Akta vel på det de høyrer! I det same målet de sjølve måler med, skal det målast opp til dykk, og endå meir skal de få.
Utforsk Markus 4:24
5
Markus 4:26-27
Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til.
Utforsk Markus 4:26-27
6
Markus 4:23
Om nokon har øyre å høyra med, så høyr!»
Utforsk Markus 4:23
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer