Overprestane og dei eldste kom då saman og la planar. Så gav dei soldatane mykje pengar og sa til dei: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov. Og skulle landshovdingen få høyra om det, skal vi snakka med han, så de kan vera trygge.» Dei tok imot pengane og gjorde slik som det var sagt dei. Slik vart dette ryktet spreidd mellom jødane, og det har halde seg til denne dag.