1
Matteus 13:23
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Men det som vart sådd i den gode jorda, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre, seksti, tretti gonger det som er sådd.»
Sammenlign
Utforsk Matteus 13:23
2
Matteus 13:22
Det som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet, men uro for dette livet og den svikefulle rikdomen kveler ordet, så det ikkje gjev grøde.
Utforsk Matteus 13:22
3
Matteus 13:19
Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sådd i hjartet. Dette er det som vart sådd attmed vegen.
Utforsk Matteus 13:19
4
Matteus 13:20-21
Det som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede. Men han har inga rot og held ut berre ei stund. Når han møter motgang eller forfølging for ordet skuld, fell han straks ifrå.
Utforsk Matteus 13:20-21
5
Matteus 13:44
Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att. Glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han eigde, og kjøpte åkeren.
Utforsk Matteus 13:44
6
Matteus 13:8
Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre gonger det som var sådd, noko seksti, noko tretti gonger.
Utforsk Matteus 13:8
7
Matteus 13:30
Lat dei begge veksa side om side til hausten. Og når tida for innhaustinga kjem, vil eg seia til dei som haustar inn: Sank først saman ugraset og bunt det i hop til å brennast. Men kveiten skal de samla i låven min.’»
Utforsk Matteus 13:30
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer