Ein son heidrar far sin,
ein slave herren sin.
Er eg far, kvar er då min heider,
er eg herre, kvar er ærefrykt for meg?
seier HERREN over hærskarane
til dykk prestar, de som viser forakt for mitt namn.
De seier: «Korleis har vi vist
forakt for namnet ditt?»