Ein gong han var i ein av byane, kom ein spedalsk mann, full av sår. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned med andletet mot jorda og bad: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.» Jesus rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!» Og med det same var sjukdomen borte.