1
Lukas 11:13
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far i himmelen gje Den heilage ande til dei som bed han!»
Sammenlign
Utforsk Lukas 11:13
2
Lukas 11:9
Og eg seier dykk: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.
Utforsk Lukas 11:9
3
Lukas 11:10
For den som bed, han får. Den som leitar, han finn. Og den som bankar på, skal det latast opp for.
Utforsk Lukas 11:10
4
Lukas 11:2
Han svara: «Når de bed, skal de seia: Far! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma.
Utforsk Lukas 11:2
5
Lukas 11:4
Tilgjev oss våre synder, for vi òg tilgjev kvar den som står i skuld til oss. Og lat oss ikkje koma i freisting.»
Utforsk Lukas 11:4
6
Lukas 11:3
Gjev oss kvar dag vårt daglege brød.
Utforsk Lukas 11:3
7
Lukas 11:34
Auget er kroppens lampe. Når auget ditt er friskt, er det fordi kroppen er fylt av lys. Men er auget ditt sjukt, er det fordi det er mørkt i kroppen.
Utforsk Lukas 11:34
8
Lukas 11:33
Ingen tenner ei oljelampe og set henne i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set lampa på haldaren, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.
Utforsk Lukas 11:33
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer