Då dei tre venene til Job fekk høyra om alt det vonde som hadde kome over han, kom dei til han, kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Naama. Dei møttest for å sørgja med han og for å trøysta han. Medan dei enno var eit stykke borte, fekk dei auge på han; men dei kjende han ikkje att. Dei brast i gråt, reiv sund kappene sine og kasta støv over hovudet. Så sat dei hos han på jorda i sju dagar og sju netter. Ingen sa eit ord til han, for dei såg at hans smerte var stor.