På same måten er det med dykk. No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.
Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.