Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: «Er du frå Efraim?» Svara han nei, sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Sa han då «sibbolet», fordi han ikkje kunne uttala ordet rett, greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraim.