1
Jesaja 9:6
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.
Sammenlign
Utforsk Jesaja 9:6
2
Jesaja 9:2
Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram.
Utforsk Jesaja 9:2
3
Jesaja 9:7
Så skal herreveldet vera stort og freden utan ende over Davids trone og hans kongerike. Han skal gjera det fast og halda det oppe med rett og rettferd frå no og for all tid. HERREN over hærskarane skal gjera dette i sin brennande iver.
Utforsk Jesaja 9:7
4
Jesaja 9:5
Ja, kvar støvel som trampa, og kvar kappe tilsølt med blod skal brennast og bli til føde for elden.
Utforsk Jesaja 9:5
5
Jesaja 9:1
Sanneleg, det skal ikkje vera mørker for henne som er i trengsle. Før i tida førte han skam over Sebulons land og Naftalis land. Men i framtida skal han la dei koma til ære: vegen til havet, landet bortanfor Jordan, Galilea, der folkeslag bur.
Utforsk Jesaja 9:1
6
Jesaja 9:3
Du lét dei jubla høgt og gjorde gleda stor. Dei gledde seg for ditt andlet som ein gleder seg over kornhausten, som ein jublar når krigsbyttet blir delt.
Utforsk Jesaja 9:3
7
Jesaja 9:4
For åket som tyngde, stokken over skuldrene og staven til slavedrivaren har du brote sund som på Midjans dag.
Utforsk Jesaja 9:4
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer