1
Jesaja 49:15
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn, ei omsorgsfull mor det barnet ho bar? Sjølv om dei skulle gløyma, skal ikkje eg gløyma deg.
Sammenlign
Utforsk Jesaja 49:15
2
Jesaja 49:16
Sjå, eg har teikna deg i hendene mine, murane dine er alltid framfor meg.
Utforsk Jesaja 49:16
3
Jesaja 49:25
Ja, så seier HERREN: Fangar skal takast frå krigaren, og byttet skal bergast frå valdsmannen. Eg vil strida mot dei som strider mot deg, og borna dine vil eg frelsa.
Utforsk Jesaja 49:25
4
Jesaja 49:6
han seier: «Det er for lite at du er min tenar som skal reisa opp att Jakobs stammar og føra tilbake dei som er att av Israel. Eg gjer deg til lys for folkeslag så mi frelse kan nå til enden av jorda.»
Utforsk Jesaja 49:6
5
Jesaja 49:13
Jubla, du himmel, og gled deg, du jord, bryt ut i jubel, de fjell! For HERREN trøystar sitt folk og viser miskunn mot sine hjelpelause.
Utforsk Jesaja 49:13
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer