HERRENS ande skal kvila over han,
ein Ande med visdom og forstand,
ein Ande med råd og styrke,
ein Ande som gjev kunnskap og frykt for HERREN.
Han skal ha si glede i frykta for HERREN.
Han skal ikkje dømma etter kva auga ser,
og ikkje skifta rett etter kva øyra høyrer.