1
Hebrearane 1:3
Bibelen 2011 nynorsk
Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.
Sammenlign
Utforsk Hebrearane 1:3
2
Hebrearane 1:1-2
Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.
Utforsk Hebrearane 1:1-2
3
Hebrearane 1:14
Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?
Utforsk Hebrearane 1:14
4
Hebrearane 1:10-11
Og vidare: Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender. Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede.
Utforsk Hebrearane 1:10-11
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer