og sa: «Om vi berre hadde fått døy for HERRENS hand i Egypt då vi sat rundt kjøtgrytene og åt oss mette! Men no har de ført oss ut i denne ørkenen for at alle vi som er samla her, skal døy av svolt.»
Då sa HERREN til Moses: «Sjå, eg vil la det regna brød ned til dykk frå himmelen. Kvar dag skal folket gå ut og sanka det dei treng. Slik vil eg setja dei på prøve og sjå om dei følgjer mi lov eller ikkje.