HERREN sa til Moses: «Gå til farao! Det er eg som har gjort hjarta harde, både i han og i tenarane hans, for at eg skal gjera desse teikna mellom dei, og for at du skal fortelja born og barneborn korleis eg viste makta mi i Egypt, og kva for teikn eg gjorde mellom dei. Då skal de kjenna at eg er HERREN.»