Mordekai skreiv ned desse hendingane. Så sende han brev til alle jødane i alle provinsane til kong Xerxes, dei som var nær, og dei som var langt borte. Han baud at dei kvart år skulle feira den fjortande og femtande dagen i månaden adar. For det var på desse dagane jødane hadde fått fred for fiendane sine, og i den månaden klaga vart vend til glede og sorga til fest. Difor skulle dei feira dei som dagar for fest og glede og senda mat som gåver til kvarandre og til dei fattige.