Ord av Amos, ein sauebonde frå Tekoa, det han såg om Israel i dei dagane då Ussia var konge i Juda og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.
Han sa:
HERREN brøler frå Sion,
frå Jerusalem ljomar røysta hans.
Beitemarkene til gjetarane skal sørgja,
Karmels topp skal tørka.