Han hadde ikkje vore der meir enn åtte–ti dagar, så drog han ned til Cæsarea. Dagen etter sette han seg i dommarsetet og baud at Paulus skulle førast fram. Straks han kom inn, stilte dei seg omkring han, dei jødane som var komne ned frå Jerusalem, og dei sette fram mange harde skuldingar som dei ikkje kunne føra prov for.