1
2. Timoteus 1:7
Bibel 2011 - Bibelselskapet
For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.
Sammenlign
Utforsk 2. Timoteus 1:7
2
2. Timoteus 1:9
Han har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje på grunn av gjerningane våre, men etter sin eigen vilje og nåde, den som er gjeven oss i Kristus Jesus frå evige tider
Utforsk 2. Timoteus 1:9
3
2. Timoteus 1:6
Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg!
Utforsk 2. Timoteus 1:6
4
2. Timoteus 1:8
Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.
Utforsk 2. Timoteus 1:8
5
2. Timoteus 1:12
Difor er det eg lid, men eg skammar meg ikkje, for eg veit kven eg trur på. Eg er sikker på at han har makt til å ta vare på det som er tiltrudd meg, heilt til dagen kjem.
Utforsk 2. Timoteus 1:12
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer