Ein gong ved kveldstid hende det at David stod opp frå senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Frå taket fekk han sjå ei kvinne som bada. Kvinna var svært vakker. David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk til svar: «Det er Batseba, dotter av Eliam og kona til hetitten Uria.»