1
2. Peter 3:9
Bibelen 2011 nynorsk
Det er ikkje rett, det somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå tapt, men at alle skal nå fram til omvending.
Sammenlign
Utforsk 2. Peter 3:9
2
2. Peter 3:8
Men ein ting må de ikkje gløyma, mine kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag.
Utforsk 2. Peter 3:8
3
2. Peter 3:18
De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus. Han vere ære, no og til den evige dagen! Amen.
Utforsk 2. Peter 3:18
4
2. Peter 3:10
Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit drønn, elementa skal koma i brann og løysa seg opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i lyset.
Utforsk 2. Peter 3:10
5
2. Peter 3:11-12
Når alt skal gå i oppløysing på dette viset, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane løysa seg opp i eld og elementa brenna og smelta.
Utforsk 2. Peter 3:11-12
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer