1
2. Peter 1:3-4
Bibelen 2011 nynorsk
Ja, alt vi treng for å leva i gudsfrykt, har hans guddomlege makt gjeve oss i gåve ved at vi kjenner han som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke. Dermed har han gjeve oss dei største og mest dyrebare lovnader. Ved dei skulle de få del i guddomleg natur når de har kome dykk fri frå forfallet, som kjem frå lystene i verda.
Sammenlign
Utforsk 2. Peter 1:3-4
2
2. Peter 1:5-7
Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med innsikt, innsikta med måtehald, måtehaldet med tolmod, tolmodet med gudsfrykt, gudsfrykta med syskenkjærleik og syskenkjærleiken med kjærleik til alle.
Utforsk 2. Peter 1:5-7
3
2. Peter 1:8
For når alt dette finst hos dykk og får veksa, då blir de ikkje uverksame eller utan frukt, de som kjenner vår Herre Jesus Kristus.
Utforsk 2. Peter 1:8
4
2. Peter 1:10
Difor, sysken, må de setja endå meir inn på å halda fast ved dykkar kall og utveljing. For gjer de dette, skal de aldri falla.
Utforsk 2. Peter 1:10
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer