Men om eg no ville vera stolt, så var eg ikkje frå vitet, for det var sanning, det eg tala. Men eg lèt det vera, så ingen skal tenkja høgare om meg enn dei gjer når dei ser og høyrer meg. Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig.