«Ver modige og sterke! Ver ikkje redde og lat dykk ikkje skremma av assyrarkongen og heile den hæren han har med seg. For den som er med oss, er større enn den som er med han. Berre menneskeleg styrke er med han, men HERREN vår Gud er med oss. Han skal hjelpa oss og føra våre krigar.» Og folket vart styrkt av orda til Hiskia, Juda-kongen.