Då folket i Asjdod stod opp tidleg neste morgon, fann dei Dagon liggjande med andletet mot jorda framfor HERRENS paktkiste. Dei reiste han opp og sette han på plass att. Tidleg morgonen etter låg Dagon igjen med andletet mot jorda framfor HERRENS paktkiste. Hovudet og begge hendene hans var slegne av mot dørstokken. Berre kroppen var att av Dagon.