Men Jonatan, son til Saul, drog av garde og kom til David i Horesja. Han hjelpte han til å henta nytt mot hos Gud. «Ver ikkje redd!» sa han. «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal bli konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.»