1
1. Korintar 15:58
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Difor, mine kjære sysken, ver støe og urikkelege. Ta stadig rik del i Herrens gjerning! For de veit at i Herren er ikkje arbeidet dykkar nyttelaust.
Sammenlign
Utforsk 1. Korintar 15:58
2
1. Korintar 15:57
Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!
Utforsk 1. Korintar 15:57
3
1. Korintar 15:33
Far ikkje vill! «Dårleg selskap øydelegg gode vanar.»
Utforsk 1. Korintar 15:33
4
1. Korintar 15:10
Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.
Utforsk 1. Korintar 15:10
5
1. Korintar 15:55-56
Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova.
Utforsk 1. Korintar 15:55-56
6
1. Korintar 15:51-52
Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna inn, men vi skal alle bli omskapte, i hast, i ein augneblink, når den siste basunen lyder. For basunen skal lyda, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal bli omskapte.
Utforsk 1. Korintar 15:51-52
7
1. Korintar 15:21-22
Fordi døden er komen ved eit menneske, så er òg oppstoda av dei døde komen ved eit menneske. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.
Utforsk 1. Korintar 15:21-22
8
1. Korintar 15:53
For dette forgjengelege må bli kledd i uforgjengelegdom, og dette dødelege kledd i udødelegdom.
Utforsk 1. Korintar 15:53
9
1. Korintar 15:25-26
For han skal vera konge til Gud har lagt alle fiendar under hans føter. Den siste fienden som blir gjord til inkjes, er døden.
Utforsk 1. Korintar 15:25-26
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer