Menneska tok til å aukast på jorda, og dei fekk døtrer. Gudesønene såg at menneskedøtrene var vene og tok nokre av dei til koner, dei som dei helst ville ha. Då sa Herren: «Min ande skal ikkje for alltid bu i menneska; for dei er berre veike skapningar. Levetida deira skal vera 120 år.»
På den tid, og sidan òg, var det kjemper på jorda. For gudesønene levde saman med menneskedøtrene og fekk born med dei. Det var dei veldige mennene frå eldgamal tid, dei namngjetne.