1
Lukas 6:38
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Gjev, so skal dei gjeva dykk! Eit godt, stappa, sikka og yverfullt mål skal dei gjeva dykk i fanget. For det målet de mæler med, skal dei mæla att åt dykk med.
Compare
Avasta Lukas 6:38
2
Lukas 6:45
Ein god mann ber fram berre godt av det gode han gøymer i hjarta sitt, og ein vond mann ber fram berre vondt av det vonde han gøymer på. For frå munnen hans kjem det som hjarta er fullt av.
Avasta Lukas 6:45
3
Lukas 6:35
Nei, elska fiendane dykkar, gjer vel og lån burt, og venta ikkje å få noko att! Då skal løni de fær, vera stor, og de skal vera borni åt den Høgste; for han er god mot dei utakksame og vonde.
Avasta Lukas 6:35
4
Lukas 6:36
Ver miskunnsame, som Far dykkar er!
Avasta Lukas 6:36
5
Lukas 6:37
Døm ikkje, so skal de ikkje dømast! Fordøm ingen, so skal ingen fordøma dykk! Tilgjev, so skal de få tilgjeving!
Avasta Lukas 6:37
6
Lukas 6:27-28
Men til dykk som høyrer, segjer eg: Elska fiendane dykkar! Gjer vel mot dei som hatar dykk! Velsigna dei som bannar dykk! Bed for dei som talar ille um dykk!
Avasta Lukas 6:27-28
7
Lukas 6:31
Gjer mot anna folk som de vil at dei skal gjera mot dykk!
Avasta Lukas 6:31
8
Lukas 6:29-30
Slær nokon deg på den eine kinni, so bjod den andre og fram! Tek nokon kjolen din frå deg, so neitta han ikkje trøya heller! Gjev kvar som bed deg, og tek nokon det som ditt er, so krev det ikkje att!
Avasta Lukas 6:29-30
9
Lukas 6:43
For det finst ikkje noko godt tre som ber låk frukt, ikkje heller noko låkt tre som ber god frukt
Avasta Lukas 6:43
10
Lukas 6:44
for treet kjenner me på den frukti det ber; ingen kann sanka fikor av tistlar eller plukka druvor av klunger.
Avasta Lukas 6:44
Home
Bible
Plans
Videos