1
Johannes 12:26
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra.
Cymharu
Archwiliwch Johannes 12:26
2
Johannes 12:25
Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv.
Archwiliwch Johannes 12:25
3
Johannes 12:24
Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.
Archwiliwch Johannes 12:24
4
Johannes 12:46
Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret.
Archwiliwch Johannes 12:46
5
Johannes 12:47
Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, dømmer ikkje eg. For eg er ikkje komen for å dømma verda, men for å frelsa verda.
Archwiliwch Johannes 12:47
6
Johannes 12:3
Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen.
Archwiliwch Johannes 12:3
7
Johannes 12:13
Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!
Archwiliwch Johannes 12:13
8
Johannes 12:23
Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen.
Archwiliwch Johannes 12:23
Gartref
Beibl
Cynlluniau
Fideos