ইউভার্শন লোগো
সার্চ আইকন

Lukas 24

24
Jesus stend upp, 1-12. Den uppstadne syner seg for dei tvo læresveinane på vegen til Emmaus, 13-35, og for apostlane og dei andre læresveinane, 36-43. Siste ordi hans til apostlane, 44-49; han fer upp til himmelen, 50-53.
1Men den fyrste dagen i vika, tidleg i otta, kom dei til gravi, og hadde med seg kryddone som dei hadde laga til.#Matt 28,1-10; Mark 16,1-8; Joh 20,1-10 2Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå gravi; 3dei gjekk inn, men fann ikkje lekamen åt Herren Jesus. 4Dei visste ikkje kva dei skulde tenkja um dette; då stod det med ein gong tvo menn i skinande klæde innmed dei, 5og medan dei fulle av otte stirde nedfyre seg, sa mennene til dei: Kvi leitar de etter den levande millom dei daude? 6Han er ikkje her; han hev stade upp att. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea,#Luk 9,22; 18,33 7at Menneskesonen skulde gjevast i hendene på syndige menneske og krossfestast og standa upp att tridje dagen! 8Då kom dei i hug ordi hans, 9og dei gjekk burt att frå gravi, og fortalde alt dette til dei elleve og alle dei andre. 10Det var Maria Magdalena og Johanna og Maria, mor åt Jakob, og dei hine kvinnone i fylgjet deira - dei sa dette med apostlane;#Luk 8,2-3 11men dei tenkte det var noko vas dei for med, og trudde dei ikkje. 12Peter sprang like vel av stad til gravi, og då han lutte seg ned, såg han ikkje anna enn likklædi; so gjekk han burt att, og undrast med seg yver det som var hendt.#Joh 20,3-7 13Same dagen gjekk tvo av dei utetter til ein liten by som heiter Emmaus og ligg seksti stadier frå Jerusalem,#Mark 16,12 14og på vegen tala dei med einannan um alt det som nyst hadde hendt. 15Medan dei no gjekk og tala og dryfte det med kvarandre, kom Jesus sjølv innåt og slo fylgje med dei; 16men augo deira var fjetra, so dei kjende han ikkje. 17Kva er det for ting de røder so um medan de gjeng etter vegen? spurde han. Då stana dei og såg sorgfulle ut. 18Og den eine av dei - han heitte Kleopas - tok til ords og sa til han: Du må visst vera den einaste som held til i Jerusalem og ikkje veit kva som hev hendt der desse dagane! 19Kva for noko? spurde han. Det med Jesus frå Nasaret, svara dei, han som var ein profet, mektig i gjerning og ord for Gud og alt folket,#Apg 2,22 20korleis øvsteprestane og rådsherrane våre fekk dømt han frå livet og krossfeste han. 21Og me vona at han var den som skulde løysa ut Israel. Og med alt det so er det no på tridje dagen sidan dette gjekk fyre seg.#Luk 18,33 22Men so hev og nokre kvinnor i flokken vår sett oss i uro og undring; dei var i otta ved gravi,#Matt 28,8; Mark 16,10; Joh 20,18 23og fann ikkje lekamen hans, men kom og fortalde at dei hadde set ei syn av englar, og at englane hadde sagt at han lever. 24Nokre av dei som var med oss, gjekk då ut til gravi og fann det heiltupp so som kvinnone hadde sagt, men honom såg dei ikkje. 25Å for uvituge de er, svara han, og for seinhuga til å tru alt det som profetane hev tala! 26Laut ikkje Messias lida dette fyrr han kunde ganga inn til sin herlegdom?#Jes 50,6; 53,11-12; Apg 17,3; 1 Pet 1,11; Hebr 12,2 27So tok han til frå Moses og alle profetane, og i alle skriftene la han ut for dei det som er sagt um han der.#1 Mos 3,15; 12,3; Sal 16,9-11; Jes 52,13-15; 53,1-12; Dan 9,24-27 28Då dei var tett innmed den byen dei skulde til, lest han vilja ganga lenger. 29Men dei nøydde han og sa: Ver hjå oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar. So gjekk han inn og var hjå dei. 30Som han no sat til bords med dei, tok han brødet og velsigna det, og braut det og gav dei. 31Då vart augo deira upplatne, so dei kjende han att; men i det same kvarv han burt for augo deira. 32Då sa dei til einannan: Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen, då han la ut skriftene åt oss? 33Og dei tok ut i same stund og gjekk attende til Jerusalem. Dei fann dei elleve og felagane deira samla, og dei sa: 34Herren hev sanneleg stade upp att, og hev synt seg for Simon.#1 Kor 15,5 35Og sjølve fortalde dei um det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han då han braut brødet. 36Best dei tala um dette, stod han sjølv midt ibland dei og sa: Fred vere med dykk!#Mark 16,14; Joh 20,19-25 37Dei kvakk og vart redde, og trudde det var ei ånd dei såg. 38Då sa han til dei: Kvi er de so forstøkte, og kvifor vaknar det tvil i hjarta dykkar? 39Sjå hendene og føtene mine, og sjå at det er eg sjølv! Kjenn på meg og sjå! Ei ånd hev då ikkje kjøt og bein, som de ser eg hev.#Joh 20,27 40Då han hadde sagt det, synte han dei hendene og føtene sine. 41Då dei endå ikkje kunde tru for gleda, men berre undra seg, sa han: Hev de noko etande her? 42Dei gav han eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkaka, 43og han tok det og åt det for augo deira. 44So sa han til dei: Dette var det eg tala til dykk um medan eg endå var i lag med dykk, at alt som er skrive um meg i Mose-lovi og profetane og salmane, laut sannast.#Luk 24,6.27 45So let han upp for tankane deira, so dei kunde skyna skriftene. 46So stend skrive, sa han, at Messias skal lida og standa upp frå dei daude tridje dagen,#Luk 24,26; Jona 2,1.11; Matt 12,40 47og i hans namn skal umvending og syndeforlating ropast ut for alle folkeslag; frå Jerusalem skal det ganga ut.#Jes 2,3; Apg 10,43; 13,38 48De skal sjølve vitna um dette.#Joh 15,27; Apg 2,32 49Og no vil eg senda yver dykk det som far min hev lova; men de skal halda dykk rolege i byen til de vert budde med kraft frå det høge.#Joel 3,1-9; Joh 14,26; 15,26; 16,7; Apg 1,4; 2,1-13 50Sidan tok han dei med seg ut or byen, til burt imot Betania, og han lyfte upp hendene og velsigna dei.#Apg 1,9-11 51Og medan han lyste velsigningi, skildest han frå dei og for upp til himmelen.#Mark 16,19 52Og dei kasta seg på kne og tilbad han. So gjekk dei attende til Jerusalem i stor gleda, 53og sidan var dei allstødt i templet og lova og prisa Gud.

বর্তমানে নির্বাচিত:

Lukas 24: NO1938N

হাইলাইট

শেয়ার

কপি

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in