Romarane 2
2
Alle menneske, slik som dei er av naturi, er utan orsaking for Gud og ligg under hans dom; for dei veit kva Gud vil, men gjer det ikkje, og Gud spør etter gjerning, ikkje etter kunnskap, 1-16. Jødane hev nok Guds lov og umskjeringi; men det vil ikkje hjelpa dei; for lovi held dei ikkje, og Gud ser ikkje berre på det ytre, men fyrst og fremst på det indre, 17-29.
1Difor er du ikkje orsakande, menneske, kven du so er som dømer. For med di du dømer ein annan, fordømer du deg sjølv; for du som dømer, gjer sjølv det same. 2Men me veit at Guds dom, som sanning krev, råmar dei som fer med sovore. 3Meiner du då det, menneske, du som dømer dei som fer med sovore, og sjølv gjer det same, at du skal sleppa undan Guds dom? 4Eller vanvyrder du hans rikdom på godleik og tolmod og langmod, og veit ikkje at Guds godleik driv deg til umvending?#2 Pet 3,9.15; Op 2,21 5Men din harde hug og ditt utbotferdige hjarta hopar du vreide yver deg på vreide-dagen, den dag då Guds rettferdige dom vert openberra; 6for han skal gjeva kvar og ein lika for det han hev gjort:#Sal 62,13; Ordt 24,12; Matt 16,27; 2 Kor 5,10; Gal 6,7-10; Ef 6,8 7dei som trottugt legg vinn på gode gjerningar, og som soleis søkjer herlegdom og æra og uforgjengelegdom, skal han gjeva æveleg liv; 8men dei som er trassige og ikkje lyder sanningi, men lyder urettferdi, dei hev vreide og harm i vente.#2 Tess 1,6-10 9Trengsla og angest skal koma yver kvar menneskesjel som gjer det som vondt er, både jøde fyrst og so grekar. 10Men herlegdom og æra og fred skal timast kvar den som gjer det gode, både jøde fyrst og so grekar. 11For Gud gjer ikkje skil på folk:#5 Mos 10,17; 1 Sam 16,7; 2 Krøn 19,7; Job 34,19; Apg 10,34; Gal 2,6; 1 Pet 1,17 12alle som synda utan lovi, skal og verta fortapt utan lovi, og alle som synda under lovi, skal verta dømde ved lovi;#Luk 12,47-48 13for ikkje dei som høyrer lovi, er rettferdige for Gud, men dei som gjer det lovi segjer fyre, skal verta rettferdiggjorde.#Matt 7,21-27; Jak 1,22 14For når heidningane, som ikkje hev lovi, av naturi gjer det lovi krev, so er dei - alt um dei ikkje hev lovi - seg sjølve ei lov; 15dei syner då at lovgjerningi er skrivi i hjarto deira. Det er og samvitet deira eit vitnemål um, og like eins - i umgjenget dei imillom - tankane deira, når dei klagar eller og orsakar dei 16- på den dag då Gud skal døma det som er dult hjå menneski, etter mitt evangelium ved Jesu Kristus.#Fork 12,14; Matt 25,31-46; Joh 12,48; Apg 17,31; 1 Kor 4,5 17Men um du vert kalla jøde og set di lit til lovi og rosar deg av Gud#Rom 9,4; Luk 18,11 18og veit hans vilje og kann døma um kva som rett er, med di du lærer av lovi, 19og trøyster deg til å vera ein vegvisar for blinde, eit ljos for dei som gjeng i myrker,#Matt 15,14 20ein uppsedar for dårar, ein lærar for umyndige, av di du i lovi hev den rette form for kunnskap og sanning: 21du som soleis lærer andre, lærer du ikkje deg sjølv? du som preikar at ein ikkje skal stela, stel du?#Matt 23,3-12 22du som segjer at ein ikkje skal gjera hor, gjer du hor? du som styggjest ved avgudane, ranar du templi deira? 23Du som rosar deg av lovi, du vanærar Gud med di du bryt lovi! 24For Guds namn vert for dykkar skuld spotta millom heidningane, som skrive stend.#Jes 52,5; 2 Sam 12,14; Esek 36,20-28 25For umskjeringi gjer fulla gagn so framt du held lovi; men er du ein lovbrjotar, so hev umskjeringi di vorte til fyrehud. 26Um no den u-umskorne held seg etter lovbodi, skal ikkje då hans fyrehud verta rekna for umskjering? 27Og den som av naturi hev fyrehud, men gjer alt det lovi segjer fyre, skal døma deg, du som trass i skrivi lov og umskjeringi er ein lovbrjotar. 28For rett jøde er ikkje den som er det i synom, og rette umskjeringi er ikkje heller den som er det i synom, på kjøtet;#Joh 8,39; Rom 9,7-8 29rett jøde er berre den som er det i duldom, og rett umskjering er berre hjarte-umskjeringi i Anden, ikkje i bokstaven. Den som er so, fær si ros, ikkje av menneske, men av Gud.#Gal 6,15; 5 Mos 10,16; 30,6; Jer 4,4; Fil 3,3; Kol 2,11
Currently Selected:
Romarane 2: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2