YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 25

25
Guds folk prisar sin Gud, som hev frelst det med di han hev tynt den store og meinharde heimsmakti som trælka det, 1-5. Når ho hev gjenge til grunns, skal han i sitt rike kveikja alle folk med dei gildaste gode, taka burt den åndelege blindskapen deira, gjera dauden til inkjes og gjera ende på all sorg og vanæra, 6-8. For denne frelsa og for di den ovmodige verdi gjeng til grunns, skal folket hans prisa han, 9-12.
1Herre, du er min Gud. Eg vill upphøgja deg, eg vil prisa namnet ditt, for du hev gjort underverk; dine råder frå forntidi er sanne og trufaste.#Sal 31,15; 63,2; Jes 46,10 2For du hev gjort ein by til ei steinrøys, ein fast by til ein grusdunge, du hev lagt slotti åt dei framande i øyde, so dei ikkje meir er ein by; dei skal aldri meir verta uppbygde. 3Difor skal eit sterkt folk æra deg, byen åt dei ville heidningane ottast deg; 4for du hev vore ei vern for vesalmannen, ei vern for fatigmannen i hans naud, eit skjol mot skolregn, ein skugge mot heten; for valdsmenns frøsing er som skolregn mot veggen.#Jer 16,19; Jes 4,6 5Som du døyver hete i turt land, soleis døyver du bråket åt dei framande; som heten i skuggen av ei sky, soleis vert songen av valdsmenner døyvd. 6Og Herren, allhers Gud skal på dette fjellet bu til eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite retter, eit gjestebod med gamal vin, med feite, mergfulle retter, med gamal avklåra vin.#Sal 22,27-32; Matt 22,2; Luk 14,16; Op 19,7.9 7Og han skal på dette fjellet riva sund sløret som sveiper seg kring alle folki, og det sveipet som ligg yver heidningfolki.#Jes 29,10; 60,2; 2 Kor 3,15-16 8Han skal gjera dauden til inkjes for all æva, og Herren, Israels Gud, skal turka tårone av alle andlet, og sitt folks vanæra skal han taka burt frå all jordi; for Herren hev tala.#1 Kor 15,26.54; 2 Tim 1,10; Op 7,17; 21,4; Sal 126,5 9På den tidi skal dei segja: Sjå der er vår Gud, han som me venta skulde frelsa oss, dette er Herren som me venta på; lat oss frygda oss og fegnast i frelsa hans!#Sal 48,15; 42,6.12 10For handi åt Herren skal kvila yver dette fjellet; men Moab skal verta nedtrakka i sitt eige land, liksom halm vert trakka ned i gjødselvatn. 11Og Moab skal breida ut hendene der, liksom symjaren gjer det når han sym; men Herren skal stagga storlætet hans trass i sløgdi av hans hender. 12Og dei høgmura borgene dine skal han riva ned, grunnsturta, jamna med jordi, so dei ligg i dusti.#Jes 26,5#25,12 dine d. e. Moabs.

Currently Selected:

Jesaja 25: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in