YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 35

35
Jakob byggjer eit altar i Betel, og Gud syner seg for han att, 1-15. Rakel fær Benjamin og døyr, 16-21. Ruben ligg hjå Bilha, fylgjekona åt far sin. Sønene åt Jakob vert upprekna, tolv i talet; han kjem til far sin i Hebron; Isak døyr, 22-29.
1Og Gud sa til Jakob: Gjer deg reidug, far upp til Betel og gjev deg til der, og bygg eit altar åt Gud, han som synte seg for deg då du rømde for Esau, bror din.#1 Mos 28,13 2Då sa Jakob til husfolket sitt og til alle dei som var med han: Få burt dei framande gudane som er hjå dykk, og reinsa dykk og byt klæde!#Jos 24,23; 1 Sam 7,3 3Og lat oss so taka ut og fara upp til Betel! Der vil eg byggja eit altar åt Gud, han som høyrde bøni mi den dagen eg var i fåre, og som var med meg på ferdi mi.#1 Mos 28,20 4Då let dei Jakob få alle dei framande gudane som dei hadde hjå seg, og ringane som dei hadde i øyro; og Jakob grov det ned under den terebinta som stend innmed Sikem.#1 Mos 31,19 5So tok dei ut, og ein otte frå Gud kom yver byane rundt ikring dei, so sette ikkje etter Jakobs-sønene.#2 Krøn 14,14; 17,10 6Og Jakob kom til Luz som ligg i Kana'ansland - no heiter Betel - både han og alt folket som var med han.#1 Mos 28,19 7Der bygde han eit altar og kalla den staden El-Betel; for der hadde Gud synt seg for han den gongen han rømde for bror sin.#1 Mos 31,13#35,7 El-Betel d. e. Gud i Betel. 8Då døydde Debora, fostermor hennar Rebekka, og ho vart jorda nedanfor Betel, attunder ei eik; den kalla han Gråtareika.#1 Mos 24,59 9Gud synte seg endå ein gong for Jakob, den tid han komen frå heim Mesopotamia, og velsigna han.#1 Mos 28,12-17 10Og Gud sa til han: Du heiter Jakob; heretter skal du ikkje heita Jakob; Israel skal du heita! Sidan kalla dei han Israel.#1 Mos 32,28; 1 Kong 18,31 11Og Gud sa til han: Eg er Gud den allmektige. Du skal veksa og aukast! Eit folk, ei mengd med folkeslag skal ættast frå deg, og undan deg skal kongar alast.#1 Mos 48,4 12Og det landet som eg gav Abraham og Isak, det vil eg gjeva deg; ætti di etter deg vil eg gjeva det landet. 13So for Gud upp ifrå han på den staden han var då han tala med han. 14Då reiste Jakob upp ein stein på den staden han var då han tala med han, og auste drykkoffer på han og slo olje utyver han.#1 Mos 28,18 15Og Jakob kalla den staden han var då Gud tala med han, Betel.#1 Mos 28,19 16So tok dei ut att frå Betel, og då dei endå hadde att eit stykke veg til Efrat, fekk Rakel barnilt, og ho vart strengt sjuk. 17Og medan ho låg i hardaste ridene, sa jordmori til henne: Syt ikkje no! Her hev du ein son att. 18Og i det same ho sålast - for ho laut døy - kalla ho han Benoni; men far hans kalla han Benjamin.#35,18 Benoni min ulukkeson.#35,18 Benjamin lukkeson. 19Då Rakel var slokna, vart ho jorda frammed vegen til Efrat, som no heiter Betlehem.#1 Mos 48,7 20Og Jakob reiste upp ein minnestein på gravi hennar. Det er gravsteinen hennar Rakel; Han stend der den dag i dag. 21So tok Israel ut att og sette upp tjeldbui si burtanfor Migdal-Eder#35,21 Migdal-Eder Bølingstårnet. 22Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk av og låg med Bilha, fylgjekona åt far hans. Og Israel fekk vita det. - Sønene hans Jakob var tolv i talet.#1 Mos 49,4; 1 Krøn 5,1; 3 Mos 18,8 23Sønene hennar Lea var Ruben, eldste son hans Jakob, og Simeon og Levi og Juda og Issakar og Sebulon.#1 Mos 29,32-35; 30,18-24 24Og sønene hennar Rakel var Josef og Benjamin.#1 Mos 30,23-24; 35,16-18 25Og sønene åt Bilha, terna hennar Rakel, var Dan og Naftali.#1 Mos 30,5-8 26Og sønene åt Silpa, terna hennar Lea, var Gad og Aser. Dette var sønene hans Jakob, som han fekk i Mesopotamia.#1 Mos 30,9-13 27Og Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre, tett innmed Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, der som Abraham og Isak hadde halde til.#1 Mos 14,13 28Og dagane hans Isak vart hundrad og åtti år. 29Då sålast Isak og døydde og kom saman med federne sine, gamal og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønene hans, fylgde han til gravi.

Currently Selected:

1. Mosebok 35: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in