YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 33

33
Jakob gjeng til møtes med bror sin; Esau helsar blidt på han, og Jakob lyt nøyda han til å taka imot gåva hans, 1-11. Esau byd seg til å fylgja Jakob på vegen, men fær ikkje lov; Jakob kjem til Sikem, 12-20.
1Og Jakob skoda framyver, og sjå, der kom Esau og fire hundrad mann med han. Då skifte han borni millom Lea og Rakel og båe ternorne#1 Mos 32,6 2og sette ternorne og borni deira fremst og Lea og borni hennar attanfor dei og Rakel med Josef attarst. 3Og sjølv gjekk han fram fyre dei og bøygde seg nedåt jordi sju gonger, til dess han kom tett innåt bror sin. 4Men Esau sprang imot han og tok han i fanget og la armane um halsen hans og kysste han, og dei gret. 5Då han såg upp, vart han var kvinnone og borni; då sa han: Kva er dette for folk du hev med deg? Jakob svara: Det er dei borni som Gud hev unnt tenaren din.#1 Mos 48,9 6So gjekk ternorne fram med borni sine og bøygde seg. 7Og Lea og borni hennar gjekk og fram og bøygde seg. Sida gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg. 8Då sa han: Kva vilde du med heile det lægret som eg møtte? Hin svara: Eg vilde gjera deg blid på meg, herre bror. 9Då sa Esau: Eg hev nok, bror. Hav du sjølv det som ditt er! 10Jakob svara: Å nei, kjære vene! Hev du noko godvilje for meg, so tak imot gåva mi! For då eg såg deg i andletet, var det som eg såg Guds andlet; med di du var so blid imot meg. 11Kjære deg, taka imot gåva eg sende deg! For Gud hev vore god mot meg, og eg hev nok av alle slag. Og han nøydde han til han tok imot det. 12So sa Esau: Lat oss taka ut og koma i vegen, so skal eg fara jamte med deg. 13Men Jakob svara: Du veit, herre bror, at borni ikkje toler mykje, og eg hev lambsøyor og nybære kyr å taka vare på. Driv ein dei for hardt, um det berre er ein dag, so døyr alt småfeet. 14Vil ikkje du gjera vel og fara fyre tenaren din, herre bror! So kann eg rusla so smått, etter som driftene og borni orkar til, til dess eg kjem til deg i Se'ir. 15Då sa Esau: So vil eg få lov til å lata nokre av dei mennene eg hev med, vera att hjå deg. Men hin svara: Kvi då? Berre du vil vera blid på meg, herre bror! 16So snudde Esau um same dagen og for sin veg heim att til Se'ir. 17Og Jakob tok vegen til Sukkot og bygde seg eit hus, og til buskapen sin gjorde han lauvhyttor. Difor kallar dei den staden Sukkot.#33,17 Sukkot hyttor. 18Og Jakob kom seg vel fram til Sikembyen i Kana'ansland, den gongen han for frå Mesopotamia, og han fann seg eit læger utanfor byen. 19Og det jordstykket som han hadde sett upp tjeldbui si på, kjøpte han av sønene hans Hemor, far åt Sikem, for hundrad kesitar.#Jos 24,32#33,19 kesitar ei viss vekt sylv eller gull. 20Og han bygde eit altar der og kalla det El-Elohe Israel.#33,20 Israel d. e. Gud åt Israel er Gud.

Currently Selected:

1. Mosebok 33: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in