YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 31

31
Laban og sønene hans ovundar Jakob; Gud segjer han skal fara til Kana'an att; konone hans samtykkjer i denne ferdi, 1-16. Han fer burt i løynd med alt det han eig, 17-21. Laban set etter han, men Gud åtvarar han at han ikkje må gjera han noko vondt; dei gjer ei semja seg imillom; Laban fer heim, 22-55.
1So fekk han høyra at sønene hans Laban hadde sagt: Jakob hev teke alt det som far vår åtte, og av det som far vår åtte, hev han lagt seg til all denne rikdomen. 2Og Jakob såg på andletet hans Laban at han var ikkje den same mot han som han hadde vore. 3Og Herren sa til Jakob: Far attende til landet åt federne dine og til ditt eige folk, og eg skal vera med deg. 4Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad dei koma ut på marki, til buskapen hans. 5Og han sa til dei: Eg ser på andletet åt far dykkar at han er ikkje den same mot meg som fyrr. Men Gud åt far min hev vore med meg. 6Og de veit sjølve at eg hev tent far dykkar det beste eg vann. 7Og far dykkar hev svike meg og brigda um att løni mi dei ti gongene. Men Gud let han ikkje få lov til å gjera meg noko skade.#Sal 105,14 8Når han sa: Dei droplute skal vera løni di, so fekk alt småfeet droplute ungar; og når han sa: Dei salute skal vera løni di, so fekk alt småfeet salute ungar.#1 Mos 30,32-43 9Soleis tok Gud feet frå far dykkar og gav meg det. 10Og ved det leitet då småfeet flaug, drøymde eg at eg let upp augo og såg ikring meg, og sjå, då var bukkane som sprang på småfeet, salute og droplute og skjengjute. 11Og Guds engel sa til meg i draume: Jakob! Og eg svara: Ja, her er eg. 12Då sa han: Lat upp augo, so skal du få sjå at alle bukkane som spring på småfeet, er salute og droplute og skjengjute. For eg hev set korleis Laban fer åt mot deg. 13Eg er den Gud som du såg i Betel, der du salva ein minnestein, der som du gjorde meg ein lovnad. Gjer deg no reidug og far ut or dette landet og attende til fødesheimen din!#1 Mos 28,13-18 14Då svara Rakel og Lea og sa til han: Hev då me endå nokon lut og arv i huset åt far vår? 15Hev ikkje han rekna oss for framande? Han hev selt oss og sjølv øydt upp det han fekk for oss. 16All rikdomen som Gud hev teke frå far vår, høyrer oss og borni våre til. Gjer no berre du alt det som Gud hev sagt til deg! 17So budde Jakob seg til ferdi og sette borni og konone sine på kamelane. 18Og han tok med seg alt bufeet sitt og alt godset som han hadde samla seg, det feet han åtte og hadde ale seg til i Mesopotamia, og vilde fara til Isak, far sin, i Kana'ansland. 19Laban hadde gjenge av og skulde klyppa sauene sine. Då stal Rakel med seg husgudane som far hennar hadde.#1 Mos 31,34; 35,2; Dom 17,5; 18,14; 1 Sam 19,13 20Og Jakob stal seg burt ifrå Laban, aramearen, og gat ikkje noko um at han vilde fara sin veg. 21Han tok ut med alt det han åtte, og gav seg på vegen og sette yver elvi og tok leidi mot Gileadfjellet.#1 Mos 31,47#31,21 elvi Eufrat. 22Tridje dagen etter fekk Laban vita at Jakob hadde stroke sin veg. 23Då tok han med seg skyldfolki sine og sette etter han sju dagsleider og nådde han att på Gileadfjellet. 24Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum um natti og sa til han: Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!#1 Mos 20,3 25Då Laban nådde att Jakob, hadde Jakob sett upp tjeldbui si på fjellet; og Laban og skyldfolki hans sette og upp bui si på Gileadfjellet. 26Og Laban sa til Jakob: Kva tyder det at du hev stole deg burt ifrå meg og drege døtterne mine av garde som dei var hertekne? 27Kvi løynde du deg av og stal deg burt ifrå meg? Kvi sa du det ikkje til meg, so eg kunde fylgt deg på vegen med glederop og song og trummor og harpor? 28Du let meg ikkje ein gong få kyssa sønene og døtterne mine. Dette var uvisleg gjort av deg! 29Eg hev det i mi makt å gjera dykk ilt. Men Gud åt far dykkar sa til meg i natt: Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!#1 Mos 31,24.42 30Men var det no so at du laut taka ut, av di du lengta so sårt etter farshuset ditt, kvi stal du då gudane mine?#1 Mos 31,19 31Då svara Jakob og sa til Laban: Eg var redd; eg tenkte du kunde taka døtterne dine frå meg med hardo. 32Men den du finn husgudane dine hjå, han skal ikkje leva. Sjå no etter, og lat skyldfolki våre vera vitne, um du kannast med noko av det eg hev med meg, og tak det so til deg! Men Jakob visste ikkje at Rakel hadde teke dei. 33Og Laban gjekk inn i bui hans Jakob og i bui hennar Lea og i bui åt båe ternone, men fann ikkje noko. So gjekk han ut or bui hennar Lea og inn i bui hennar Rakel. 34Men Rakel hadde teke husgudane og lagt dei i kamelsalen og sett seg på dei. Og Laban ransaka heile bui, men fann ikkje noko. 35Og ho sa til far sin: Far må ikkje vera vond for di eg ikkje kann reisa meg upp for han! For det er so med meg no som stundom plar vera med kvinnone. Og han leita både høgt og lågt, men fann ikkje husgudane. 36Då vart Jakob harm og skjemde på Laban. Og Jakob tok til ords og sa til Laban: Kva hev eg forbrote, kva vondt hev eg gjort, sidan du elter meg so? 37No hev du ransaka alt det eg hev; kva fann du då som høyrer huset ditt til? Legg det fram her og lat mine og dine skyldfolk få sjå det, so dei kann døma millom oss tvo! 38No hev eg vore hjå deg i tjuge år; søyone og geitene dine hev aldri kasta, og verane i fenaden din hev eg ikkje ete upp. 39Det som var ihelrive, kom eg ikkje heim til deg med. Sjølv bøtte eg skaden. Av meg kravde du det, anten det var stole um dagen eller um natti. 40Um dagen vilde hete tyna meg, og kulden um natti, eg fekk ikkje svevn på augo. 41Tjuge år er det no eg hev vore hjå deg; fjortan år hev eg tent for båe døtterne dine og seks år for fenaden din; men du brigda um att løni mi dei ti gongene.#1 Mos 29,18.30; 31,7 42Hadde ikkje Gud åt far min, han som var Gud åt Abraham, og som Isak og ber age for, hadde ikkje han vore med meg, so hadde du visst no sendt meg burt med tvo hender tome. Men Gud hev set mi møda og alt mitt slep, og han hev dømt i natt.#1 Mos 31,24.29 43Då svara Laban og sa til Jakob: Det er mine døtter og mine born og min buskap og mitt alt du ser. Kva skulde eg då no gjera desse døtterne mine eller borni deira, som dei hev født til verdi? 44So kom no og lat oss gjera ei semja, eg og du, og den skal vera til vitne millom meg og deg! 45So tok Jakob ein stein og reiste han upp til ein minnestein. 46Og Jakob sa til skyldfolki sine: Sanka i hop stein! So fann dei seg steinar og bygde ein varde og sette seg og åt der, innmed varden. 47Og Laban kalla varden Jegar-Sahaduta, men Jakob kalla han Gal-Ed.#31,47 Gal-Ed vitnevarden. 48Og Laban sa: Denne varden skal vera vitne millom meg og deg i dag. Difor kalla dei han Gal-Ed,#Jos 22,27; 24,27 49og Mispa, av di han sa: Herren halde vakt millom meg og deg, når me kjem einannan or syni.#31,49 Mispa d. e. ein stad der ein kann sjå vida ikring. 50Fer du ille med døtterne mine, eller tek du deg andre konor attåt døtterne mine, då er det fulla ingen mann innmed oss, men kom i hug det: Gud er vitne millom meg og deg. 51Og Laban sa til Jakob: Sjå, denne varden og denne minnesteinen som eg hev reist millom meg og deg - 52vitne skal dei vera, både varden og minnesteinen, at ikkje skal eg fara framum denne varden burt til deg, og ikkje skal du fara hitum denne varden til meg på det som vondt er. 53Gud åt Abraham og Gud åt Nakor døme millom oss, han som var Gud åt far deira! So svor Jakob ved han som Isak, far hans, hadde age for.#1 Mos 31,42 54Og Jakob ofra eit slaktoffer på fjellet og bad skyldfolki sine eta med seg. Og dei åt med han og var på fjellet um natti. 55Um morgonen tidleg reis Laban upp og kysste sønene og døtterne sine og velsigna dei. So tok Laban ut og for heim att til seg.

Currently Selected:

1. Mosebok 31: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in