YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 14

14
Paulus og Barnabas forkynner evangeliet i Ikonium, men vert drivne burt derifrå og, av di jødane hatar dei; dei lyt røma til Lystra, 1-7. Paulus lækjer her ein vanfør mann; han og Barnabas vert difor fyrst haldne for gudar, men sidan vert han steina; han kjem like vel frå det med livet, men dei lyt røma til Derbe, 8-20. Derifrå vender Paulus og Barnabas attende til Antiokia, som dei hadde fare ut frå, og fullendar soleis fyrste misjonsferdi si, 21-28.
1I Ikonium for dei fram på same vis; dei gjekk inn i synagoga åt jødane og tala soleis at ein stor flokk - både jødar og grekarar - tok trui;#Apg 11,21 2men dei jødane som ikkje vilde tru, eggja upp heidningane og sette vondt i dei mot brørne. 3Dei vart verande der lenge og tala hugheilt i Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera.#Mark 16,20; Apg 19,11; Hebr 2,4 4Folket i byen kløyvde seg: sume heldt med jødane, sume med apostlane. 5Men so hende det ein dag at både heidningane og jødane med styresmennene sine styrmde fram og vilde skamfara dei og steina dei,#2 Tim 3,11 6og då dei skyna det var meiningi, rømde dei til byane i Lykaonia: Lystra og Derbe, og bygdene der ikring;#Matt 10,23 7der forkynte dei evangeliet. 8I Lystra var det ein mann som var maktlaus i føtene - han hadde vore vanfør frå han var fødd, og aldri vore god til å ganga.#Apg 3,2-8 9No sat han jamleg og lydde på Paulus når han tala. Ein gong feste Paulus augo på han, og då han såg at han hadde tru so han kunde verta lækt, sa han med høg røyst: 10Reis deg og statt upprett på føtene dine! Då spratt han upp og tok til å ganga ikring.#Apg 3,6; Jes 35,6 11Då folket såg kva Paulus hadde gjort, ropa dei ende yver seg og sa på lykaonisk: Gudane hev teke manneham og stige ned til oss!#Apg 28,6 12Og dei kalla Barnabas for Jupiter og Paulus for Merkur, av di han var den som førde ordet. 13Presten i Jupiter-templet som var utanfor byen, kom til porten med uksar og kransar og vilde ofra saman med folket. 14Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund klædi sine og sprang ut millom hopen#4 Mos 14,6; Jos 7,6; Matt 26,65 15og ropa: Kva gjer de, godtfolk! Me er då og menneske og ligg under same lagnaden som de. Me forkynner dykk evangeliet, at de skal venda dykk burt frå desse inkjeslege avgudane og til den levande Gud; han hev gjort himmelen og jordi og havet og alt som i dei er,#Apg 10,26; 1 Tess 1,9; 1 Mos 1,1; Sal 33,6; 124,8; 146,6; Op 14,7 16men i dei framfarne tidene let han alle heidningfolki ganga sine eigne vegar,#Apg 17,30; Sal 81,13 17endå han ikkje sparde på minningar um seg, men stødt gjorde vel, sende dykk regn og gode åringar frå himmelen, metta dykk med mat og fyllte hjarto dykkar med gleda.#Apg 17,26-27; Sal 104,27-28 18So tala dei, men det var berre med naudi dei fekk styrt folket av med å ofra til seg. 19Sidan kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk talt folket yver, og so steina dei Paulus og drog han ut or byen; for dei tenkte han var slokna.#2 Kor 11,25; 2 Tim 3,11 20Men læresveinane slo ring um han, og han reiste seg upp og gjekk inn til byen. Dagen etter tok han ut og for i lag med Barnabas til Derbe. 21Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. So for dei attende til Lystra og Ikonium og Antiokia, 22og kvar dei kom, styrkte dei læresveinane i sjeli og mana dei til å vera støde i trui og sa: Me lyt ganga inn i Guds rike gjenom mange trengslor.#Apg 11,23; 13,43; Matt 10,38; 16,24; Luk 22,28-29; Rom 8,17; 1 Tess 3,3; 2 Tim 3,12 23Dei valde ut eldste åt dei for kvar kyrkjelyd, og gav dei med bøn og fasta yver til Herren som dei trudde på.#Apg 6,6; 11,30; Tit 1,5 24Sidan drog dei gjenom heile Pisidia og kom til Pamfylia 25og tala Guds ord i Perge. So for dei ned til Attalia, 26og derifrå siglde dei til Antiokia, den staden dei var sende ut frå med bøn um Guds nåde til det verket dei no hadde fullført.#Apg 13,1-3 27Då dei kom dit, kalla dei i hop kyrkjelyden og fortalde um kor store ting Gud hadde gjort gjenom dei, og at han hadde opna ei dør til trui for heidningane.#Apg 15,4; 1 Kor 16,9; 2 Kor 2,12; Op 3,8 28Og dei vart verande der ei god stund hjå læresveinane.

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in