YouVersion Logo
Search Icon

2. Tessalonikar 1

1
Paulus helsar dei kristne i Tessalonika, 1.2, takkar Gud for trui, kjærleiken og tolmodet deira. At dei held so trottugt fast ved trui i alle trengslone sine, er eit fyrebod um Guds dom, som skal heimsøkja fiendane og forfylgjarane deira, 3-10. Han bed for deira framgang i kristendomen, 11.12.
1Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane, i Gud, vår Fader og Herren Jesus Kristus:#1 Tess 1,1 2Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!#1 Kor 1,3 3Me skyldar å takka Gud alltid for dykk, brør, som rett er, for di dykkar tru veks rikleg, og kjærleiken de hev til kvarandre, vert større hjå kvar og ein av dykk alle,#2 Tess 2,13; 1 Tess 1,2; Luk 17,5; Kol 2,7 4so at me sjølve rosar oss av dykk i Guds kyrkjelydar for dykkar tolmod og tru i alle dykkar forfylgjingar og dei trengslor som de held ut#1 Tess 2,19 5- eit fyrebod um Guds rettferdige dom - so de skal verta funne verdige til Guds rike, det som de og lid for,#1 Tess 2,14; Fil 1,28 6so visst som det er rettferdig for Gud å gjeva dei trengsla att som trengjer dykk, 7og gjeva dykk som vert trengde, ro saman med oss, når vår Herre Jesus openberrar seg frå himmelen med sitt veldes englar,#Matt 25,31; 1 Tess 4,16; 1 Pet 4,13 8med logande eld, når han tek hemn yver dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje lyder vår Herre Jesu evangelium,#2 Pet 3,7 9dei som skal lida refsing, ei æveleg fortaping burte frå Herrens åsyn og frå hans veldes herlegdom,#Jes 2,19; Matt 25,41 10når han kjem på den dagen og vil syna seg herleg i sine heilage og underfull i alle dei truande - for vårt vitnemål til dykk vart motteke med tru.#Apg 1,11; Kol 3,4; Op 1,7 11Difor bed me og alltid for dykk at vår Gud må finna dykk verdige til kallet og kraftigt fylla dykk med all hug til det gode og verksemd i trui,#1 Tess 2,12 12so vår Herre Jesu namn må verta herleggjort i dykk, og de i han, etter vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.

Currently Selected:

2. Tessalonikar 1: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in