2. Krønikebok 23
23
Då Joas er sju år gamal, gjev Jojada han kongsnamn, og Atalja vert drepi, 1-15. Folket og kongen gjer ei pakt med kvarandre at dei vil tena Herren; Ba'als-dyrkingi vert utrudd; Joas vert sett på kongsstolen; landet er roleg, 16-21.
1Men i det sjuande året tok Jojada mod til seg og gjorde ein avtale med nokre av hundradhovdingane; det var Asarja Jerohamsson og Ismael Johanansson og Asarja Obedsson og Ma'aseja Adajason og Elisafat Sikrison.#2 Kong 11,4-16 2So for dei ikring i Juda og stemnde i hop levitane frå alle Judabyane og ættehovdingane åt Israel; og då dei kom til Jerusalem, 3gjorde heile stemnelyden ei pakt med kongen i Guds hus, og Jojada sa til dei: Kongssonen her skal no vera konge, soleis som Herren hev sagt um Davids søner.#2 Sam 7,12-13#23,3 søner 2 Sam. 7,12-16. 4Høyr no kva de skal gjera: Ein tridjepart av dykk - dei prestane og levitane som kjem og skal gjera vakttenesta på sabbaten - lyt halda vakt ved dørstokkane, 5og den andre tridjeparten ved kongsgarden og den tridje i Jesodporten, og alt folket i fyregardane til Herrens hus. 6Men ingen må koma inn i Herrens hus so nær som prestane og dei levitane som gjer tenesta; dei kann ganga inn, for dei er heilage; men alt hitt folket skal halda seg etter Herrens fyresegn. 7Levitane skal fylkja seg rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i huset, skal han drepast; de skal fylgja kongen både når han gjeng inn, og når han gjeng ut. 8Levitane og heile Juda-folket gjorde i eitt og alt som Jojada, presten, hadde sagt dei til. Kvar av dei tok folki sine med seg, både dei som skulde stiga på vakt på sabbaten, og dei som skulde ganga ifrå på sabbaten; for Jojada, presten, hadde ikkje gjeve skifti heimlov. 9Jojada, presten, gav hundradhovdingane dei spjoti og dei små og store skjoldane som kong David hadde ått, og som var i Guds hus; 10og han let alt folket stella seg upp, kvar mann med våpen i hand, frå høgre sida av huset til vinstre sida burtimot altaret og burtimot huset rundt ikring kongen. 11So leidde dei kongssonen ut og sette på han kruna og gav han vitnemålet og kåra han til konge; og Jojada og sønene hans salva han og ropa: Leve kongen!#5 Mos 17,18-20; 1 Sam 10,24; 1 Kong 1,25.39 12Då Atalja høyrde ropet frå folket som styrmde innåt og hyllte kongen, gjekk ho dit som folket var - inn i Herrens hus. 13Der fekk ho sjå at kongen stod på tramen sin i inngangen, og hovdingane og lurblåsarane innmed kongen, og heile landslyden gledde seg og bles i lurane, og songarane stod der med speli sine og røysta i ein lovsong til Herren. Då reiv Atalja sund klædi sine og ropa: Uppreist, uppreist!#4 Mos 10,10 14Men Jojada, presten, sende hundradhovdingane i veg - dei som hadde rådvelde yver herfolket - og sa til dei: Leid henne ut millom rekkjone, og fylgjer nokon etter henne, so skal han hoggast ned. For presten hadde sagt: De må ikkje drepa henne i Herrens hus. 15So gjekk dei til sides for henne til båe sidor, og då ho kom dit som ein køyrer inn til kongsgarden gjenom Hesteporten, drap dei henne.#Neh 3,28#23,15 Hesteporten Neh. 3,28. 16Sidan gjorde Jojada ei pakt millom seg og heile folket og kongen at dei skulde vera Herrens folk.#2 Krøn 15,12 17Og alt folket gjekk inn i Ba'als hus og reiv det ned. Altari hans og bileti hans slo dei i knas, og Mattan, Ba'als-presten, drap dei framanfor altari.#2 Krøn 23,12.15; 31,1 18So sette Jojada inn tilsynsmenner i Herrens hus; det var dei levitiske prestane som skulde hava det yrket, dei som David hadde skipa i skift for tenesta i Herrens hus - til å bera fram brennofferi åt Herren, som skrive stend i Mose-lovi, med gleda og song etter Davids fyresegn.#1 Krøn 24,3-19 19Og han sette dørvaktarar ved portane til Herrens hus, so ingen som på eikor vis var urein vorten, skulde koma inn der. 20So tok han med seg hundradhovdingane og stormennene og dei mektigaste i folket og heile landslyden og henta kongen ned frå Herrens hus. Dei gjekk gjenom øvre porten inn i kongsgarden og sette kongen på kongsstolen. 21Heile landslyden gledde seg, og byen var roleg. Men Atalja hadde dei felt med sverdet.
Currently Selected:
2. Krønikebok 23: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2