YouVersion Logo
Search Icon

1. Peter 1

1
Peter helsar dei kristne i Litle-Asia og ynskjer dei nåde, 1.2. Han talar um kor stor og trygg deira kristelege von er, 3-5, korleis dei midt i alle trengslone sine ved Guds nåde kann gleda seg i frelsa, 6-9, og lovar denne frelsa, som profetar hev spått um, og som englar stundar etter å skoda inn i, 10-12. Han manar dei til å hava ei fast von, til lydnad mot Gud og heilag otte, so dei ikkje skal missa si frelsa, som er kjøpt so dyrt, 13-21, til uskrymta brorkjærleik, som det Gudsordet dei er atterfødde ved, gjev dei kraft til, 22-25.
1Peter, Jesu Kristi apostel, til dei utlendingar som er spreidde i Pontus, Galatia, Kappadokia, Asia og Bitynia, utvalde#1 Pet 2,11 2etter Gud Faders fyrevitende, ved Andens helging, til lydnad og yverskvetting med Jesu Kristi blod: Nåde og fred vere med dykk i rikt mål!#Rom 8,29; Hebr 12,24; 2 Pet 1,2 3Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, han som etter si store miskunn hev atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi uppstoda frå dei daude,#2 Kor 1,3; Ef 1,3; 2,4-5; Joh 3,3 4til ein uforgjengeleg og flekklaus og uvisneleg arv, som er gøymd i himmelen åt dykk,#1 Pet 5,4; Kol 1,5 5de som ved Guds makt vert haldne uppe ved trui til den frelsa som er ferdig til å verta openberra i den siste tid.#Kol 3,4 6Det gleder de dykk yver, um de og no ei lita stund - når so skal vera - er sorgtyngde i ymse freistingar,#1 Pet 4,12-13; Rom 5,3; 2 Kor 4,17 7So dykkar prøvde tru, som er mykje kostelegare enn det forgjengelege gull, som då vert prøvt i eld, må verta funni til lov og pris og æra når Jesus Kristus vert openberra,#Jak 1,3; Jes 48,10; Ordt 17,3; 1 Pet 4,12; Kol 3,4 8han som de ikkje hev kjent, men endå elskar, han som de no ikkje ser, men endå trur på, og difor gleder de dykk med usegjeleg og herleggjord gleda,#2 Kor 5,7; Hebr 11,27; 1 Joh 4,20 9når de vinn fram til endemålet for trui dykkar, frelsa for sjelene. 10Um denne frelsa var det profetane granska og ransaka, og dei som spådde um den nåden de skulde få,#1 Mos 49,10; Dan 2,44; Hag 2,9; Sak 6,12 11med di dei ransaka kva tid eller kva slag tid Kristi Ande, som var i dei, viste fram til når han vitna fyreåt um Kristi lidingar og um herlegdomen deretter;#Matt 13,17; 2 Pet 1,21; Sal 22,7; Jes 53,3-6; Dan 9,26; Luk 24,26 12for det vart openberra for dei at dei tente ikkje seg sjølve, men oss med dette som no er kunngjort igjenom dei som hev forkynt dykk evangeliet ved den Heilage Ande, som vart send frå himmelen - dette som englane hev hug til å skoda inn i.#Dan 12,9.13; Hebr 11,13.39; Apg 2,2-13; Ef 3,10 13Difor, umgyrd dykkar hugs lender, ver edrue, og set dykkar von fullt og fast til den nåden som de fær når Jesus Kristus vert openberra!#Luk 12,35; Ef 6,14; Luk 21,34 14Som lydige born skal de ikkje skikka dykk etter dei fyrre lystene i dykkar vankunna,#Ef 5,1; Rom 12,2; Apg 17,30 15men ver, etter den Heilage som kalla dykk, ogso de heilage i all dykkar ferd!#2 Tim 1,9; Matt 5,48; Luk 1,75; 2 Kor 7,1 16For det stend skrive: De skal vera heilage, for eg er heilag.#3 Mos 19,2; 20,7 17Og når de påkallar som Fader han som dømer utan å gjera mannemun, etter kvar manns gjerning, so ferdast med otte den tid de lever i utlendingskapen;#Matt 6,9; 5 Mos 10,17; 2 Krøn 19,7; 2 Kor 5,6; Fil 2,12 18for de veit at de ikkje med forgjengelege ting, sylv eller gull, vart frikjøpte frå dykkar fåfengelege ferd, som de hadde ervt ifrå federne,#1 Kor 6,20; 7,23 19men med Kristi dyre blod som blodet av eit ulastande og lytelaust lamb,#Apg 20,28; Hebr 9,12.14; Op 1,5; 5,9; Joh 1,29.36; Hebr 7,26 20han som var kjend fyreåt, fyrr verdi vart grunnlagt, men vart openberra ved enden av tidene for dykkar skuld,#Rom 16,25; Ef 1,9; 3,9; Gal 4,4 21de som ved han trur på Gud, som vekte han upp frå dei daude og gav han herlegdom, so trui dykkar og er von til Gud.#Apg 2,24; Fil 2,9 22Reinsa sjelene dykkar i lydnad mot sanningi til uskrymta broderkjærleik, og elska kvarandre inderleg av hjarta,#Jak 4,8; Rom 12,10; Hebr 13,1; 1 Tim 1,5 23de som er atterfødde, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæde, ved Guds ord, som lever og varer!#Jak 1,18 24For alt kjøt er som gras, og all herlegdomen hjå det som blom på gras: graset visna, og blomen på det fall av,#Sal 102,12; Jes 40,6-8; Jak 1,10-11 25Men Herrens ord varer i all æva. Dette er det ordet som er forkynt dykk ved evangeliet.#Matt 5,18; Luk 21,33

Currently Selected:

1. Peter 1: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in