4. Mosebok 4
4
Arbeidet åt levittane ved møteteltet
1Herren tala til Moses og Aron og sa: 2Du skal halda manntal over Kehat-sønene som høyrer levittane til, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, 3alle menn som er mellom tretti og femti år. Dei skal gjera teneste og arbeida ved møteteltet. #4,3 tretti år Seinare vart det vedteke at levittane skulle gjera teneste frå dei var tjuefem eller tjue år. Sjå 8,24; 1 Krøn 23,24.27. #8,24f 4Det som Kehat-sønene skal ta seg av i møteteltet, er dei høgheilage tinga.
5Når leiren skal flyttast, skal Aron og sønene hans gå inn, ta ned forhenget og breia det over lovkista. #4,5 forhenget framfor Det høgheilage. 6På forhenget skal dei leggja ein duk av delfinskinn, og over det att skal dei breia eit klede som er av fiolett purpur heilt igjennom. Så skal dei setja berestengene i. 7Over skodebrødsbordet skal dei breia eit klede av fiolett purpur, og på det skal dei setja fata, skålene, bollane og kannene til drikkofferet. Brødet som støtt skal liggja der, skal dei ikkje ta bort. 8Og over alt dette skal dei breia eit klede av karmosinraud ull. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i.
9Dei skal ta eit klede av fiolett purpur og breia over ljosestaken og lampene, ljosesaksene, pannene og alle oljekrukkene som dei brukar når dei steller staken. 10Både ljosestaken og alle reiskapane som høyrer til, skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja det på ei båre. 11Over det gullkledde altaret skal dei breia eit klede av fiolett purpur. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i.#4,11 det gullkledde altaret røykjelsesaltaret, 2 Mos 30,1ff.
12Alle reiskapane som dei brukar når dei gjer teneste i heilagdomen, skal dei leggja i eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja dei med eit teppe av delfinskinn og setja dei på ei båre. 13Altaret skal dei reinska for oske og breia eit klede av purpurraud ull over det. #4,13 Altaret brennofferaltaret av bronse. 2 Mos 27,1ff. 14Oppå det skal dei leggja alle dei reiskapane som dei brukar når dei gjer altarteneste: glopannene, kjøtgaflane, eldskuflene og offerskålene, alle reiskapane som høyrer altaret til. Så skal dei breia ein duk av delfinskinn over det og setja berestengene i.
15Når leiren skal flyttast, og Aron og sønene hans er ferdige med å breia over heilagdomen og alle reiskapane som høyrer han til, skal Kehat-sønene koma og bera. Men dei må ikkje røra det heilage. Gjer dei det, skal dei døy. Dette er det Kehat-sønene skal bera av det som høyrer møteteltet til.#7,9; 1 Krøn 15,15
16Elasar, son til Aron, presten, skal syta for oljen til ljosestaken, den velluktande røykjelsen, det daglege grødeofferet og salvingsoljen. Han skal ha tilsyn med heile heilagdomen og alt som der er, både heilagdomen og kara som høyrer til.
17Herren sa til Moses og Aron: 18Lat ikkje ættgreina åt Kehat-sønene verta utrudd or Levi-ætta! 19Slik skal de bera dykk åt så dei ikkje skal døy, men berga livet når dei kjem nær dei høgheilage tinga: Aron og sønene hans skal gå og setja kvar mann til det arbeidet han skal gjera, og seia kva han skal bera. 20Men Kehat-sønene må ikkje gå inn, ikkje så mykje som ein augneblink, og sjå dei heilage tinga. For då skal dei døy.#1 Sam 6,19
21Herren sa til Moses: 22Gersjon-sønene skal du òg ta talet på, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. 23Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet. 24Dette er det arbeidet Gersjon-ættene skal gjera, og det dei skal bera: 25Dei skal bera teltdukane som høyrer heilagdomen til, teppet av delfinskinn som ligg over møteteltet, teppet til teltdøra, 26omhenget rundt føregarden som er kring heilagdomen og altaret, teppet i porten til føregarden og snorene og alle reiskapane som dei treng til arbeidet. Alt som er å gjera med dette, skal dei ta seg av. 27Det arbeidet Gersjon-sønene gjer, alt det dei ber og gjer, skal gjerast etter påbod frå Aron og sønene hans. De må sjå til at dei tek vare på alt det dei skal bera. 28Dette er det arbeidet Gersjon-ættene har å gjera med møteteltet. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med tenesta deira.
29Så skal du mønstra Merari-sønene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. 30Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet. 31Og dette er det dei skal syta for å bera når dei arbeider med møteteltet: plankane i heilagdomen, tverrstengene, stolpane og fotstykka, 32og stolpane rundt føregarden med fotstykke, pluggar og snorer, all reiskapen og alt dei treng til arbeidet. De skal nemna kvar ting som dei skal syta for å bera. 33Dette er det arbeidet Merari-ættene har å gjera med møteteltet. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med det.
34Moses og Aron og hovdingane over folket mønstra så Kehat-sønene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. 35Alle menn som var mellom tretti og femti år, gjekk inn i tenesta og arbeidde med møteteltet. 36Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt, var 2 750. 37Så mange av Kehat-ættene vart mønstra til arbeid med møteteltet. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord gjennom Moses.
38Så vart Gersjon-sønene mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. 39Alle menn som var mellom tretti og femti år, gjekk inn i tenesta og arbeidde med møteteltet. 40Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, var 2 630. 41Så mange av Gersjon-ættene vart mønstra til arbeid med møteteltet. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord.
42Så vart Merari-sønene og ættene deira mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein. 43Alle menn som var mellom tretti og femti år, gjekk inn i tenesta og arbeidde med møteteltet. 44Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt, var 3 200. 45Så mange av Merari-ættene vart mønstra. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord gjennom Moses.
46No hadde Moses og Aron og Israels hovdingar mønstra levittane, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, 47alle menn som var mellom tretti og femti år, alle som skulle gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet og bera det som høyrer til. 48Og talet på dei som vart mønstra, var 8 580. 49Etter Herrens ord gjennom Moses vart dei mønstra, og dei fekk kvar sitt arbeid å gjera og kvar si bør å bera. Mønstringa gjekk føre seg så som Herren hadde sagt til Moses.
Currently Selected:
4. Mosebok 4: Bibel1978
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2