Lukas 4
4
Jesus vert freista
(Matt 4,1–11; Mark 1,12–13)
1Fylt av Den Heilage Ande kom Jesus attende frå Jordan. Og Anden førte han ikring i øydemarka, 2der han vart freista av djevelen i førti dagar. I denne tida åt han ingenting, og då dei førti dagane var til ende, var han svolten. #Matt 4,1f+ 3Då sa djevelen til han: «Er du Guds Son, så sei til denne steinen at han skal verta til brød.» 4Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød.»#5 Mos 8,3
5Då førte djevelen han høgt opp og synte han alle heimsens rike i ein augneblink 6og sa: «Eg vil gje deg makt over alt dette og la deg få all denne herlegdomen. For det er lagt i mi hand, og eg gjev det til kven eg vil. 7Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.» 8Då svara Jesus: «Det står skrive:#5 Mos 6,13
Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena.»
9Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå. 10For det står skrive:#Sal 91,11f
Han skal gje englane sine påbod om deg
at dei skal verna deg.
11Og:
Dei skal bera deg på hendene,
så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
12Men Jesus svara: «Det er sagt:#5 Mos 6,16; 1 Kor 10,9
Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
13Då no djevelen hadde freista han med alt dette, heldt han seg borte frå han ei tid.#Hebr 4,15
Jesus vert avvist i Nasaret
(Matt 4,12–17; 13,53–58; Mark 1,14–15; 6,1–6)
14Så fór Jesus attende til Galilea, fylt av den krafta som Anden gav. Og ordet om han kom ut i alle bygdene der ikring. #Apg 10,37f 15Han lærte folket i synagogene, og alle tala vel om han.
16Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, 17gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
18Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang #Jes 61,1f
19og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. 21Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.#Matt 13,55+; Luk 3,23
23Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!» 24Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. #Joh 4,44 25Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. #1 Kong 17,1.9; Jak 5,17 26Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27Og det var mange spedalske i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Na'aman.» #2 Kong 5,1ff 28Då vart dei brennande harme, alle som var i synagoga og høyrde dette. 29Dei fór opp og dreiv han ut or byen og bort på stupet av det fjellet som byen deira var bygd på; der ville dei støyta han utfor. 30Men han gjekk midt igjennom flokken og fór sin veg.
Ein dag i Kapernaum
(Matt 8,14–17; Mark 1,21–39)
31Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea, og der lærte han folket på sabbaten. #Matt 4,13 32Dei var tekne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde.#Matt 7,28f+
33I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd. Han sette i og ropa: 34«Kva har du med oss å gjera, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å tyna oss? Eg veit kven du er, du Guds Heilage!» #Joh 6,69 35Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still, og far ut or han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt imellom dei og fór ut or han, men skadde han ikkje. 36Då kom det otte over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.» 37Og gjetordet om han fór over alle bygdene der ikring.
38Frå synagoga gjekk Jesus heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne. 39Han gjekk bort til henne og truga feberen så han sleppte henne. Og med ein gong stod ho opp og stelte for dei.
40Då sola gladde, kom alle til han med sine sjuke, kva sjukdom dei så drogst med. Og han la hendene på kvar einskild av dei og lækte dei. #Mark 5,23+; Luk 6,18 41Mange fór det vonde ånder ut or, og dei skreik og ropa: «Du er Guds Son!» Men han truga dei og gav dei ikkje lov til å tala. For dei visste at han var Messias.#Matt 8,29; Mark 1,44+
42Då det vart morgon dagen etter, drog han ut or byen og fór til ein øydestad. Folket leita etter han, og då dei kom dit han var, prøvde dei å halda han att, så han ikkje skulle gå frå dei. #Mark 1,35+ 43Men han sa: «Eg lyt bera fram den glade bodskapen om Guds rike i dei andre byane òg. Det er det eg er send for.» #8,1 44Og han heldt ved og tala ordet i synagogene i Jødeland.#Matt 4,23
Currently Selected:
Lukas 4: NO1978NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2