1. Mosebok 34
34
Sikem og Dina
1Dina, dottera som Jakob hadde fått med Lea, gjekk ein gong ut og ville sjå på jentene i landet. #30,21 2Sikem, son til hevitten Hamor, hovdingen der i landet, fekk sjå Dina. Han tok henne og låg med henne og skjemde henne ut. 3Og hugen hans stod til Dina, dotter til Jakob. Han vart glad i den unge jenta og tala venleg til henne. 4Sidan sa Sikem til Hamor, far sin: «Lat meg få den jenta til kone!» 5Jakob fekk høyra at Sikem hadde skjemt ut Dina, dotter hans. Men sønene hans var ute i marka med buskapen, og Jakob tagde med det til dei kom heim.
6Hamor, far til Sikem, gjekk ut til Jakob og ville tala med han. 7Då sønene til Jakob fekk høyra det, kom dei heim frå marka. Dei kjende seg såra og var brennande harme. For det var eit skjemdarverk Sikem hadde gjort mot Israel då han låg med dotter til Jakob. Slikt skulle aldri henda! 8Hamor tala med dei og sa: «Sikem, son min, har lagt sin hug til dotter dykkar. Lat han få henne til kone! 9Lat oss gifta borna våre i hop! Gjev oss døtrene dykkar, og gift de dykk med våre døtrer! 10Slå dykk ned hjå oss, så skal landet liggja ope for dykk! Her kan de bu, og her kan de fara fritt ikring og få dykk eigedom.» 11Sikem sa til far hennar og brørne hennar: «Om de berre kan godta meg, så skal eg gje dykk det de bed om! 12Krev ein høg bruresum og ei stor gåve av meg! Eg skal gje det de vil ha, berre eg får jenta til kone.»
13Då gav Jakobs-sønene Sikem og Hamor, far hans, eit svikefullt svar, fordi han hadde skjemt ut Dina, syster deira. 14Dei sa: «Det kan vi ikkje gjera. Å gje syster vår til ein uomskoren mann, det ville vera ei skam for oss. 15Berre på eitt vilkår kan vi gjera dykk til viljes: at de vert som vi og lèt alle menn hjå dykk omskjera. #17,10+ 16Då skal vi gje dykk døtrene våre og ta dykkar døtrer til koner, og bu saman med dykk, så vi vert eitt folk. 17Men vil de ikkje høyra på oss og la dykk omskjera, så tek vi syster vår og fer bort.» 18Både Hamor og Sikem, son hans, tykte vel om det dei sa. 19Den unge mannen drygde ikkje med å gjera dette. For han heldt av dotter til Jakob, og det var han som var den fremste i heile farshuset.
20Så gjekk Hamor og Sikem, son hans, ut til porten i byen sin og sa til bymennene: 21«Desse mennene vil gjerne vera vener med oss. Lat dei bu her i landet og fara fritt ikring i det! Landet er då vidt nok for dei på alle kantar. Vi vil ta døtrene deira til koner og gje dei våre døtrer. 22Men berre på eitt vilkår vil mennene retta seg etter oss og bu saman med oss, så vi vert eitt folk: Alle menn hjå oss må la seg omskjera, liksom dei er omskorne sjølve. 23Buskapen og eigedomen deira, alt feet deira, vert då vårt, berre vi gjer dei til viljes, så dei slår seg ned hjå oss.» 24Då lydde dei Hamor og Sikem, son hans, alle som høyrde til i byen hans. Dei lét seg omskjera, alle menn som høyrde heime der i byen.
25Men den tredje dagen, då dei endå var sjuke, tok dei to Jakobs-sønene Simeon og Levi, brørne til Dina, kvar sitt sverd, trengde seg uhindra inn i byen og slo i hel alle mannfolk. #49,5f 26Hamor og Sikem, son hans, drap dei òg med kvasse sverd. Så tok dei Dina ut or huset åt Sikem og drog bort. 27Sidan kom sønene til Jakob over dei falne og plyndra byen, fordi dei hadde skjemt ut syster deira. 28Dei tok småfeet og storfeet og esla deira, både det som var i byen og det som var ute på marka. 29Alt godset deira og alle kvinnene og borna deira førte dei bort; alt som var i husa, rana dei.
30Då sa Jakob til Simeon og Levi: «De har gjort meg stor skade. De har valda at eg får uord på meg hjå folket i landet, hjå kanaanearane og perisittane. Eg rår då berre over ein liten flokk. Samlar dei seg imot meg, kjem dei til å slå meg og tyna både meg og mitt hus.» 31Men dei svara: «Skulle han få fara åt med syster vår som med ei skjøkje?»
Currently Selected:
1. Mosebok 34: NO1978NN
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2