1. Mosebok 32
32
1Jakob heldt fram på ferda. Då kom Guds englar imot han. 2Med det same Jakob fekk auga på dei, sa han: «Her er Guds leir.» Og han kalla staden Mahanajim.#32,2 Mahanajim by i Gilead. Namnet tyder «to leirar» eller «to flokkar»; sml. v. 7 og 10.
Jakob bur seg til å møta Esau
3Jakob sende folk føre seg til Se'ir-landet, til Edoms-marka, med bod til Esau, bror sin. 4Han baud dei: «De skal seia til Esau, herren min: Så seier Jakob, tenaren din: Eg har halde til hjå Laban og vore der til no. 5Eg har fått oksar, esel og småfe, trælar og trælkvinner. No sender eg bod om dette til deg, herre, om eg kunne vinna godvilje hjå deg.»#30,43
6Bodberarane kom attende til Jakob og sa: «Vi møtte Esau, bror din; men no kjem han imot deg med fire hundre mann.» 7Då vart Jakob livande redd. Han delte folket som var med han, og småfeet, storfeet og kamelane i to flokkar. 8For han tenkte: «Om Esau kjem over den eine flokken og slår han, kan den flokken som er att, sleppa unna.»
9Så bad Jakob: «Du Gud åt Abraham, far min, du Gud åt Isak, far min! Herre, du som sa til meg: Far attende til landet ditt og folket ditt, så skal eg gjera vel imot deg! #31,3.13 10Eg er ikkje verd all den miskunn og truskap som du har vist mot tenaren din. For med stav i hand gjekk eg over Jordan, og alt det eg har, er delt i to flokkar. 11Fria meg no frå Esau, bror min! For eg er redd han skal koma og slå i hel meg og mine, både mor og born. 12Du har då sjølv sagt at du alltid vil gjera vel imot meg og la ætta mi verta som havsens sand, som ingen kan telja.» #12,2f+ 13Og han var der den natta.
Så tok han ut av alt det han åtte, ei gåve til Esau, bror sin: 14200 geiter og 20 bukkar, 200 sauer og 20 verar, 1530 mjølkekamelar med føl, 40 kyr og 10 oksar, 20 eselhopper og 10 esel. 16Han sende trælane sine i veg med dyra, kvar flokk for seg, og sa: «Far de føre meg, og lat det vera eit godt stykke mellom flokkane!»
17Så sa han til den fyrste trælen: «Når Esau, bror min, møter deg og spør kven du høyrer til, kvar du skal av, og kven som eig den flokken du driv, 18då skal du seia: Jakob, tenaren din; det er ei gåve han sender til deg, Esau, herren min. Og snart kjem han sjølv etter.» 19Såleis baud han den andre og den tredje trælen og alle dei andre som fylgde med flokkane, å tala til Esau når dei møtte han: 20«De skal seia: Snart kjem Jakob, tenaren din, etter.» For han tenkte: «Eg vil blidka han med den gåva eg sender føre meg. Sidan vil eg stiga fram for han; kanskje han då tek vel imot meg.»
Jakobs-striden
21Så fór trælane føre med gåva. Men sjølv vart Jakob verande i leiren om natta. 22Same natta stod han opp, tok dei to konene sine, dei to trælkvinnene og dei elleve sønene og gjekk over Jabbok-vadet. 23Han sette dei over elva, og alt det han åtte, førte han over.
24No var Jakob åleine att. Då kom det ein mann og stridde med han, heilt til det ljosna av dag. #Hos 12,4f 25Då mannen såg at han ikkje kunne vinna over Jakob, slo han til hofta hans, så ho gjekk or led medan dei striddest. 26Og han sa: «Slepp meg, for no dagast det!» Men Jakob svara: «Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.» 27«Kva heiter du?» spurde mannen. «Jakob,» svara han. 28Då sa mannen: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel skal namnet ditt vera. For du har stridt med Gud og menneske og vunne.» #32,28 Israel Namnet tyder «Gud strider» eller «Gud rår». Her vert det tolka: «den som strider med Gud». #35,10; 1 Kong 18,31 29Då bad Jakob: «Kjære, sei meg namnet ditt!» Han svara: «Kvifor spør du etter namnet mitt?» Og han velsigna han der.#2 Mos 3,13; Dom 13,17f
30Jakob kalla staden Peniel. «For eg har sett Gud åsyn til åsyn og endå berga livet.» #32,30 Peniel, Penuel «Guds andlet». #2 Mos 19,21; 20,19; 33,20; 3 Mos 16,2; 5 Mos 5,24; Dom 6,22f; 13,22; Jes 6,5 31Med det same han kom framom Penuel, rann sola. Og han var halt i hofta. 32Difor er det så den dag i dag at israelittane aldri et muskelen over hofteskåla, fordi Jakob fekk eit slag på hofteskåla, over hoftemuskelen.
Currently Selected:
1. Mosebok 32: NO1978NN
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2