YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 20

20
I Makedonia og Hellas
1Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og sette mot i dei. Så bad han farvel og tok ut; no ville han fara til Makedonia. 2På ferda gjennom desse bygdene tala han mykje som var til trøyst og kveik for dei truande. Han kom så til Hellas, 3og der vart han verande i tre månader. Då han skulle fara derifrå og til Syria, fekk jødane til ei samansverjing mot han; difor sette han seg føre å venda attende gjennom Makedonia. 4Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrrus, Aristark og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe og Timoteus, og frå Asia Tykikus og Trofimus. #19,29; Ef 6,21+; 1 Tim 1,2+ 5Desse fór føre og venta på oss i Troas. 6Vi andre siglde ut frå Filippi straks etter usyrdebrødshelga, og fem dagar etter møtte vi dei i Troas. Der drygde vi ei veke.
Avskil i Troas
7Fyrste dagen i veka var vi samla og skulle bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter. #20,7 bryta brødet [2,42.] #Matt 28,1; 1 Kor 16,2; Op 1,10; Apg 2,42.46 8Det var mange lamper i den salen der vi var samla. 9Ein ung gut som heitte Eutykus, sat i vindauga. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup svevn, og i svevnen datt han ut gjennom vindauga frå tredje høgda. Han var livlaus då dei tok han opp. 10Men Paulus gjekk ned, la seg over han og slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.» #1 Kong 17,21 11Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det ljosna. Då tok han ut. 12Guten leidde dei heim levande, og var storleg trøysta.
Avskilstalen til dei eldste frå Efesos
13Imedan hadde vi gått om bord i skipet og siglde til Assos. Der skulle vi ta Paulus med, som han hadde sagt frå om; for dit ville han gå til fots. 14Då han møtte oss i Assos, tok vi han om bord og fór så til Mitylene. 15Dagen etter siglde vi derifrå og kom på høgd med Kios. Andre dagen heldt vi fram til Samos, og dagen deretter nådde vi Milet. 16For Paulus hadde sett seg føre å sigla utanom Efesos, så han ikkje skulle verta heft i Asia. Han skunda på for å nå fram til Jerusalem til pinsedagen, om det var råd.
17Frå Milet sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden. 18Og då dei kom, tala han til dei:
De veit korleis eg har levt all den tid eg har vore saman med dykk, frå den fyrste dagen eg sette foten i Asia. 19Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. #20,3 20De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk; men eg har forkynt dykk det og lært dykk det både ute blant folket og i heimane. 21Eg har vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus. #Rom 1,16 22Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. #19,21 23Men Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lekkjer og vanskar. #21,4.11 24Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra laupet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. #21,13; 2 Tim 4,7 25Og no veit eg at de aldri meir skal sjå meg, alle de som eg har vore saman med og forkynt riket for. 26Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld om nokon taper livet sitt; #18,6 27for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje.
28Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! #20,28 med sitt eige blod kan òg omsetjast: med sin eigen Sons blod; sml. Ef 5,25; 1 Pet 1,18f. #Joh 21,15f+ 29For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. #Matt 7,15; Joh 10,12 30Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. #1 Joh 2,19 31Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein. #19,8ff 32Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. #26,18+ 33Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. #1 Kor 9,11ff 34De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. #18,3+ 35Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få.#Rom 15,1f
36Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad. #21,5 37Då brast dei alle i gråt, og dei tok Paulus om halsen og kyste han. 38Det som gjorde dei mest sorg, var det han hadde sagt, at dei aldri meir skulle sjå han att. Så fylgde dei han til skipet.

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in