Johannes 12:12-15
Johannes 12:12-15 BIBEL2011
Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge! Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive: Ver ikkje redd, dotter Sion! Sjå, kongen din kjem, ridande på ein eselfole.