Salmane 37
37
1 #
73,3ff; Ordt 23,17; 24,19 # 37,1 Sal 37 er ein alfabetsalme. >25,1. Av David.
Alef
א
Bli ikkje sint på valdsmenn,
misunn ikkje dei som gjer urett!
2 #
129,6
Som graset visnar dei fort,
som grøne groen tørkar dei ut.
Bet
ב
3 #
Ordt 2,21
Set di lit til Herren og gjer det gode.
Bu i landet og ta vare på truskap!
4 #
21,3; Jes 58,14 Ha di lyst og glede i Herren,
så gjev han deg alt ditt hjarte bed om!
Gimel
ג
5 #
22,9; 55,23; 62,9; Ordt 16,3; 1 Pet 5,7 Legg din veg i Herrens hand!
Set di lit til han, så grip han inn.
6 #
Jes 58,8
Han lèt di rettferd stiga opp som lyset,
din rett som høglys dag.
Dalet
ד
7 #
62,2.6; Jes 30,15 Ver still for Herren og vent på han!
Harmast ikkje over den som lukkast med sin veg,
den som set i verk vonde planar!
He
ה
8Gjev slepp på vreiden, lat harmen liggja!
Bli ikkje arg, det fører til det vonde.
9 #
25,13; Jes 57,13 For valdsmenn skal ryddast ut,
men dei som ventar på Herren, skal arva landet.
Waw
ו
10 #
Job 20,8; Sal 73,20 # 37,10 lovlause Det hebr. ordet kan òg omsetjast «urettferdige», jf. v. 12. >1,1. Om ei lita stund er den lovlause borte.
Ser du etter han der han var, er han ikkje der.
11 #
Jes 60,21; Matt 5,5 Men dei hjelpelause skal arva landet
og gleda seg over varig fred.
Zajin
ז
12 #
Job 16,9; Sal 35,16 Den urettferdige legg vonde planar mot den rettferdige
og skjer tenner mot han.
13 #
2,4+ Herren ler av han,
for han ser at hans dag skal koma.
Het
ח
14Dei lovlause dreg sverdet og spenner bogen.
Dei vil fella den hjelpelause og fattige,
slakta ned den som går på rett veg.
15 #
7,16+ Sverdet skal råka deira eige hjarte,
og bogane skal brytast sund.
Tet
ט
16 #
Ordt 15,16; 16,8 Det vesle den rettferdige eig,
er betre enn den store rikdomen til dei urettferdige.
17For armane på dei urettferdige skal brytast,
men Herren held oppe dei rettferdige.
Jod
י
18 Herren kjenner dagane til dei heilhjarta,
deira arv skal vara til evig tid.
19 #
33,18f+ Dei blir ikkje til skamme i vonde tider,
når det er hungersnaud, får dei eta seg mette.
Kaf
כ
20 #
1,4.6; 68,3 Men dei lovlause går til grunne.
Herrens fiendar blir borte som blomeprakta på marka,
dei kverv som røyk.
Lamed
ל
21Den urettferdige låner og gjev ikkje att,
den rettferdige er miskunnsam og gåvmild.
22Dei Herren velsignar, skal arva landet,
dei han forbannar, skal ryddast ut.
Mem
מ
23 Herren gjer mannens steg faste
og gleder seg over hans veg.
24 #
145,14+ Om han fell, går han ikkje over ende,
for Herren held hans hand.
Nun
נ
25Ung har eg vore, no er eg gammal,
aldri har eg sett ein rettferdig forlaten
eller hans born be om brød.
26 #
41,2; 112,5; Ordt 14,21; Luk 6,35 Han er alltid miskunnsam og låner ut,
hans born blir ei velsigning.
Samek
ס
27 #
34,15+ Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode,
så skal du bu trygt for alltid.
28For Herren elskar det som er rett,
han forlèt ikkje sine trugne.
Ajin
ע
Dei blir haldne oppe til evig tid,
men borna til dei urettferdige blir utrydda.
29Dei rettferdige skal arva landet
og alltid få bu i det.
Pe
פ
30 #
Ordt 10,11.31 I munnen til den rettferdige er det visdom,
hans tunge talar rett.
31 #
5 Mos 6,6; Jes 51,7; Jer 31,33 Guds lov er i hans hjarte.
Hans fot skal aldri vakla.
Tsade
צ
32 #
7,3+ Den urettferdige vaktar på den rettferdige
og prøver å ta hans liv.
33 #
34,23
Herren overgjev han ikkje i den urettferdiges hand
og dømmer han ikkje skuldig i retten.
Qof
ק
34 #
27,14+ Vent på Herren og hald deg til hans veg!
Han lyfter deg opp så du arvar landet.
Du får sjå at dei lovlause blir utrydda.
Resj
ר
35Eg såg ein lovlaus valdsmann.
Han briska seg som ein frodig seder.
36 #
Job 20,8
Sidan kom eg framom, då var han borte!
Eg leita, han var ikkje å finna.
Sjin
ש
37Legg merke til den heilhjarta!
Sjå på den rettskafne!
Det er framtid for den som skaper fred.
38 #
73,19
Men brotsmenn blir utrydda alle som ein,
dei lovlause får si framtid hoggen av.
Taw
ת
39 #
3,9+; 9,10+ Dei rettferdige får si hjelp frå Herren,
han er deira vern i tider med trengsle.
40 Herren hjelper dei og friar dei ut.
Han friar dei frå dei urettferdige og frelser dei,
for dei søkjer tilflukt hos han.
Currently Selected:
Salmane 37: NO2011NN
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.