Salmane 19
19
1Til korleiaren. Ein salme av David.
2 #
8,2+; 97,6 Himmelen kunngjer Guds ære,
kvelven fortel om det hans hender har gjort.
3Dagen lèt sin tale strøyma til neste dag,
natt gjev sin kunnskap til natt.
4Det er ikkje tale og ikkje ord.
Stemmene kan ikkje høyrast.
5 #
Rom 10,18
Men dei når ut over heile jorda,
orda når dit verda endar.
I himmelen har han reist eit telt for sola,
6 #
Fork 1,5
lik ein brudgom går ho ut av sitt kammer.
Ho gler seg som ein helt til å springa i sin bane.
7Ho gjer sin rundgang frå himmelrand til himmelrand,
ingen ting er løynd for hennar glød.
8 #
93,5; 111,7; 119,105.130; 2 Tim 3,15f Herrens lov er fullkomen,
ho gjer livet nytt.
Herrens vitnemål står fast,
det gjer den uvitande vis.
9 #
13,4
Herrens påbod er rette,
dei gjer hjartet glad.
Herrens bod er klårt,
det gjev auga lys.
10Frykta for Herren er rein,
ho varer til evig tid.
Herrens dommar er sanne,
rettferdige er dei alle.
11 #
119,72.103.127 Dei er meir verde enn gull,
skinande gull i mengd,
dei er søtare enn honning,
ny og rennande honning.
12 #
3 Mos 18,5; 26,3ff Gjennom dei får din tenar åtvaring.
Det gjev stor løn å halda dei.
13Kven kjenner sine eigne feilsteg?
Frikjenn meg for dei eg ikkje veit om.
14 #
119,133
Spar din tenar for hovmod,
lat det ikkje få meg i si makt!
Då er eg heil og fri for store synder.
15 #
18,3+; 104,34; 119,108 Måtte orda frå min munn og tankane i mitt hjarte
vera til glede for deg, Herre,
min utløysar og mitt berg!
Currently Selected:
Salmane 19: Bibel2011
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.