YouVersion Logo
Search Icon

Matteus 9

9
Den lamme mannen
(Mark 2,1–12; Luk 5,17–26)
1 # 9,1 sin eigen by Kapernaum. Jf. 4,13. Så gjekk han ut i båten, sette over sjøen og kom til sin eigen by. 2#Luk 7,48Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Ver ved godt mot, son. Syndene dine er tilgjevne.» 3#Joh 10,33Men nokre av dei skriftlærde sa med seg sjølve: «Denne mannen spottar Gud.» 4Jesus såg kva dei tenkte, og sa: «Kvifor går de med så vonde tankar i hjartet? 5Kva er lettast å seia: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp og gå’? 6#Joh 5,8Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no seier han til den lamme: «Stå opp, ta båra di og gå heim!» 7Då reiste mannen seg og gjekk heim. 8Men då folket såg det, vart dei gripne av ærefrykt og lova Gud som hadde gjeve menneske slik makt.
Jesus kallar Matteus
(Mark 2,13–17; Luk 5,27–32)
9 # 4,19 # 9,9 tollbua Kapernaum låg ved den viktige handelsvegen Via Maris mellom Syria og Middelhavet. =toll. Derifrå gjekk Jesus vidare og fekk sjå ein mann som sat på tollbua. Han heitte Matteus. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.
10 # 9,10 tollarar og syndarar >5,46. Sidan var Jesus gjest i huset hans. Det kom òg mange tollarar og syndarar og var saman med Jesus og læresveinane hans til bords. 11Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?» 12Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke. 13#Hos 6,6; Mi 6,8; Matt 12,7; 1 Tim 1,15Gå og lær kva som ligg i dette ordet:
Det er miskunn eg vil ha,
ikkje offer.
Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»
Fest og faste
(Mark 2,18–22; Luk 5,33–39)
14 # 11,18; Luk 18,12 Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Kvifor fastar ikkje læresveinane dine, medan vi og farisearane fastar ofte?» 15#Jes 62,5; Joh 3,29; 2 Kor 11,2; Ef 5,23ff; Op 19,7«Kan bryllaupsgjestene sørgja så lenge brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og då skal dei fasta!
16 # 2 Kor 5,17 Ingen set ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta blir større. 17#9,17 skinnsekker Ny vin måtte lagrast i nye skinnsekker, som utvida seg og ikkje rivna når vinen gjæra.Heller ikkje fyller ein ny vin i gamle skinnsekker, for då rivnar sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin fyller ein i nye skinnsekker, då held dei seg begge.»
Dotter til Jairus og kvinna som tok i Jesu kappe
(Mark 5,21–43; Luk 8,40–56)
18 # 9,18 forstandar den daglege leiaren av ein =synagoge. Medan han tala til dei om dette, kom ein forstandar og fall på kne for han og sa: «Dotter mi er nettopp død, men kom og legg handa di på henne, så får ho leva.» 19Då reiste Jesus seg og gjekk med han, og læresveinane følgde.
20 # 3 Mos 15,25 # 9,20 blødingar gjorde kvinna kultisk urein. Jf. 3 Mos 15,25–30. dusken på kappefliken Duskane i dei fire hjørna av kappa skulle vera ei påminning om å leva etter Herrens bod. Jf. 4 Mos 15,37–41; 5 Mos 22,12. No var det ei kvinne der som hadde lide av blødingar i tolv år. Ho gjekk bort til Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans. 21#14,36; Luk 6,19For ho tenkte: «Kan eg berre få røra ved kappa hans, så blir eg frisk.» 22#Luk 7,50+Jesus snudde seg, og då han såg henne, sa han: «Ver ved godt mot, dotter! Trua di har frelst deg.» Og kvinna vart frisk i same stunda.
23 # 9,23 den ståkande flokken Jødane gav høglydt uttrykk for sorga si. =sørgjeskikkar. Då Jesus kom heim til forstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han: 24#Joh 11,11ff«Gå ut! Jenta er ikkje død, ho søv.» Dei berre lo av han. 25#8,15Så snart alle var sende ut, gjekk han inn og tok jenta i handa, og ho reiste seg opp. 26Ordet om dette spreidde seg over heile landsdelen der.
To blinde og ein stum
27 # 20,29ff # 9,27 Miskunna deg gr. eleison. >17,15. Davids son i jødedomen ei nemning på den salvevigde frelsarkongen, =Messias. Jf. 1,1; 22,41–46. Då Jesus gjekk derifrå, følgde to blinde etter han og ropa: «Miskunna deg over oss, du Davids son!» 28#8,13Og då han var komen i hus, gjekk dei blinde inn til han. «Trur de at eg kan gjera dette?» spurde Jesus. «Ja, Herre», svara dei. 29Då rørte han ved auga deira og sa: «Det skal bli som de trur.» 30#8,4+Og med ein gong vart auga deira opna. Jesus tala strengt til dei og sa: «Sjå til at ingen får vita det.» 31Men dei gjekk ut og fortalde om han i heile området der.
32 # 12,22ff Medan dei var på veg ut, kom det nokre til han med ein mann som var stum og hadde ei vond ånd. 33#Mark 2,12Då den vonde ånda var driven ut, kunne den stumme tala. Folket undra seg og sa: «Aldri har slikt vore sett i Israel!» 34#10,25+Men farisearane sa: «Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»
Apostlane og oppgåva deira
(9,35–10,42)
Grøda er stor
(Luk 10,1–2)
35 # 4,23 Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. 36#4 Mos 27,17; 1 Kong 22,17; Esek 34,2ff#9,36 fekk … inderleg medkjensle Utanom likningane blir det gr. uttrykket nytta berre om Jesus. Jf. 14,14; 15,32; 18,27; 20,34; Mark 1,41; Luk 7,13.Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. 37#Joh 4,35Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. 38Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»

Currently Selected:

Matteus 9: NO2011NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in